Hopp til innhold

Slik meiner Lysbakken SV skal gjenvinna tillit

Audun Lysbakken ser føre seg eit sosialistisk folkeparti, som fokuserer på klima, rettferdig fordeling og kjempar mot eit «lausarbeidarsamfunn».

Audun Lysbakken

Audun Lysbakken er Barne- og likestillingsminister og leiarkandidat for SV.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

I NRK sitt partibarometer fell SV under sperregrensa , og viss det hadde vore val i dag ville berre Kristin Halvorsen ha kome inn på Stortinget.

Audun Lysbakken er statsråd og leiarkandidat i SV. Han har publisert eit e-pamflett på cirka 30 sider som han har kalla «Et sosialistisk folkeparti».

For at SV skal gjenvinna tilliten meiner han partiet i større grad må setta dagsorden i saker som handlar om helse, omsorg, arbeidsliv, næringspolitikk og distriktspolitikk.

– Har blitt eit nisjeparti

– Me har blitt for mykje av eit byparti og eit parti som har blitt litt nisjeparti for dei sakene me har hatt ansvar for i regjering. No vil eg at me skal bli eit folkeparti, eit breiare parti, seier Audun Lysbakken.

– Kan partiet bli for breitt og dermed for likt Arbeidarpartiet?

– Nei, fordi me skal samstundes vera eit radikalt og tydeleg alternativ, seier leiarkandidaten.

Vil ha nye spreke forslag

– Dei siste åra har me blitt for opptatte av det me har fått til og snakka for lite om kva me vil. Fram mot valet i 2013 skal me laga oss ei fornya politisk plattform der me kjem med nye spreke forslag som kan dra Noreg mot venstre, seier Lysbakken.

Når han får spørsmål om å nemna tre saker som vil vera dei viktigaste for SV er svaret frå Lysbakken klima, rettferdig fordeling og å kjempa mot utviklinga mot eit lausarbeidarsamfunn.

– Kampen mot høgresida på arbeidslivsfeltet skal me prioritera ekstra mykje framover, slår Audun Lysbakken fast.