Hopp til innhold

Skannar hjernane til barn av LAR-mødre

Forskarar vil skannen hjernane til barn av mødre som tok metadon under svangerskapet. – Me skuldar desse barna å finne ut meir, seier barnelege og forskar Eivind Sirnes.

Skanning av hjernene til LAR-barn

HJERNESKANNING: Legane på Haukeland sjukehus har skanna hjernane til 40 barn som har vore utsett for rus medan dei låg i magen. Men forskinga er truga av pengemangel.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Måndag fortalde NRK om Anne som etter råd frå legane heldt fram med å ta metadon då ho blei gravid.

Forskarar veit framleis lite om kva langtidsskadar barn kan få dersom mødrene deira har vore i legemiddelassistent behandling (LAR) medan dei gjekk gravide.

– Vi reknar med at barna blir meir sårbare og treng oppfølging, seier Monica Sarfi. Ho har vore leiande i forskning på LAR-barn i Norge, men innrømmer at det blir forska for lite på desse barna.

Har forska på barn

Anne 1

TOK METADON UNDER SVANGERSKAPET: Anne har to søner i ung alder. Den eine er frisk, den andre har vanskar med konsentrasjon og sanseinntrykk. Anne er ikkje i tvil om kva som skil dei – dosen med metadon ho tok medan dei var i magen.

Foto: KRISTIAN EIDESVIK

Anne var akkurat byrja på LAR og fekk metadon då ho vart gravid. Ho fekk råd frå legen om å trappe opp dosen frå 35 milligram til 120 milligram. Ho er ikkje i tvil om at det var eit stort feilgrep. Ho opplevde eit nyfødd barn med abstinensar.

– Eg er overbevist den dag i dag om at dette ikkje var det rette, seier Anne.

No skal forskarar ved Haukeland sjukehus prøve å svare på om barn av kvinner som har brukt metadon unders svangerskapet får langtidsskadar.

Forskar Eivind Sirnes har tatt bilete av hjernane til 40 barn som har vore utsett for ulike typar rus medan dei låg i magen.

Eivind Sirnes (NY)

FOR LITE KUNNSKAP: Barnelege og forskar, Eivind Sirnes, håpar å finne ut meir om langtidsskadar på barn der mødrene har tatt metadon under svangerskapet.

Foto: Britt Kristein Ese / NRK

– Me ventar jo å finne ein del endringar ut ifrå det me veit frå tidlegare. Me veit til dømes at barn som har vore utsett for store mengder alkohol, er at sjølve størrelsen på hjernen vert mindre, seier barnelegen.

Manglar kunnskap

Dagens råd frå Helsedirektoratet om å halde fram med den sterke medisinen under svangerskapet er omstridt. Men for at dagens retningslinjer skal endrast, må det forskast meir.

– Akkurat no trengst det betre kunnskap for å kunne gi gode råd om kva er best å gjere. Og for å forske trengst det pengar, seier Sirnes.

Vil ikkje love pengar

Forskingsrådet er blant dei som deler ut pengar til forsking i Noreg, men avdelingsleiar for helse i Forskingsrådet Mari Kristine Nes kan ikkje love at forskinga på LAR-barna får meir støtte.

– Det kan godt vere at barne- og likestillingsdepartementet burde halde fram eller bidra til denne forskinga gjennom forskingsrådet, men sånn er det altså ikkje no, seier Nes.

– Me skuldar desse barna og desse mødrene å finne ut meir om dette, seier Eivind Sirnes.