To år etter at Frp hamna i regjering opplever partiet at fleire kandidatar forsvinn frå listene til kommunevalet. Tal frå SSB syner at Frp har ein nedgang i listekandidatar 24 prosent på landsbasis.
Os-ordførar Terje Søviknes er leiar av Frps kommunalpolitiske utval.
– Det er nok eit resultat av at vi stiller liste i litt færre kommunar enn i 2011. Så er det alltid slik at nokon gir seg med lokalpolitikk, medan nye kjem til i løpet av fireårsperioden. Men fram mot dette kommunevalet er det nok færre som har hatt ønskje om å stå på liste, konstaterer Søviknes.
– Utfordring
I Hordaland syner statistikken ein nedgang i listekandidatar på 15 prosent. Janne Halvorsen melde seg ut av Frp i 2013, og ser at det få igjen på lista frå hennar tid som politikar.
– Det har skjedd ei forgubbing i fylket og eg ser at mange av dei som stod på liste saman med meg i førre kommuneval er ute. Det er få igjen, seier Janne Halvorsen.
Tala syner også at dei andre større partia har ein mindre nedgang på landsbasis i talet på listekandidatar enn det Frp har opplevd. I Hordaland går både Ap, Høgre, KrF, Sp, Sv og MDG fram (sjå statistikk nederst i saka).
– Det er ein utfordring vi må ta på alvor. Både i Frp, men også i dei andre partia generelt, kommenterer Søviknes.
Meiner det er regjeringsslitasje
Halvorsen meiner hennar tidlegare parti er prega av regjeringsslitasje og at dei ikkje har vore tydeleg nok med veljarane sine.
– Vi må forklara folket kvifor vi gjer ting og ikkje berre seier at «sånn må det bli».
- Det er klart at å komme i posisjon kan innebere at ein må forhandle og gå på akkord med sine egne og ikkje minst partiets primærstandpunkt. Det kan vera krevjande i ein del situasjonar, men det blir drøfta gjennom og det blir orientert om, avsluttar Søviknes.