Hopp til innhold

Let seg smitte av E-coli

20 legestudentar ved Universitetet i Bergen har frivillig latt seg smitte med E-coli bakterie.

Studentane har latt seg smitte som ein del av eit internasjonalt forskingsprosjekt for å finne ei vaksine mot sjukdommen.

Bakterien gjev diare og magekramper, og kan i verste fall vere dødeleg. Det har vore fleire utbrot av E-coli i Noreg dei siste åra.

Deltakarane i studien må ligge på isolat på Haukeland Universitetssjukehus medan dei er sjuke, skriv Bergens Tidende.