Den 77 år gamle kanadiske artisten avsluttar sesongen på Koengen i Bergen med konserten 28. august.

– Kan vera hans siste turne

Konserten i Bergen er ein del av ein omfattande verdsturné som startar 12. august.

– Dette kan vera siste gongen han er på turné, så dette blir ei flott avslutning på konsertsesongen i Bergen, seier Frank Nes i Bergen Live til NRK.no.

Han er ikkje uroleg for at den høge alderen skal skapa problem for Cohen.

– Dei hadde ikkje sett i gang med ein så stor turné viss dei ikkje var sikre på at han held koken, seier Nes.

– Mange lojale fans

Førstkomande fredag blir det lagt ut 15 000 billettar til konserten. Billettsalet startar klokka 9, opplyser Bergen Live.

Frank Nes kallar Cohen for eit at dei siste store ikona innanfor popmusikken, og trur dette blir ein konsert som vil trekkja både unge og godt vaksne.

– Han har ein del lojale fans som har fulgt han gjennom den lange karriera hans, men eg trur og han har fått ein del nye fans dei siste åra. Dessutan har andre og yngre artistar gjort cover-versjonar, for eksempel av «Halleluja», seier Nes.

Toppar hitlistene

– Det nye albumet hans «Old Ideas» har toppa hitlister over heile verda, og er det albumet som har gjort det aller best i heile karriera hans, skriv konsertarrangøren i ei pressemelding.

Cohen har hatt mange konsertar i Norge, sist i Oslo i 2010. Men i Bergen har han ikkje vore sidan 1988. Det var same året som han gav ut albumet med klassikaren «I'm Your Man».

Han er elles blant anna kjend for songane «Hallelujah», «Suzanne», «First We Take Manhattan» og «Bird on the Wire».

  • Kva er din Cohen-favoritt? Skriv gjerne i kommentarfeltet nedanfor!