Hopp til innhold

Lekkasjen skuldast alvorleg menneskeleg svikt

Stikk i strid med gjeldande instruksar, blei ein propp fjerna slik av vatnet strøymde inn og fekk plattforma «Island Innovator» til å krenga. Det viser ein intern granskingsrapport om den alvorlege hendinga.

Island Innovator krenger

LEKKASJE PÅ OLJEPLATTFORM: Det var under arbeid med utskifting av ventilar at ein plugg blei fjerna av dykkarar, slik at det strøymde inn vatn i stor fart i eit lasterom der tre personar arbeidde. Hell gjorde at dei kom seg raskt unna og slapp frå det utan alvorlege skader.

Foto: Sindre øye Helgheim

Det var grytidleg om morgonen 31. mai at plattforma «Island Innovator» byrja å ta inn vatn då den låg til kai ved Hanøytangen på Askøy.

Klokka 04.40 blei det meldt om ein lekkasje i eit pumperom, og at det blei fylt med vatn. Plattforma krenga då fire grader mot land.

Odfjell Drilling, som er driftsansvarleg for plattforma, har saman med eigaren av riggen, Marac, og Bergen Group utarbeidd ein intern granskingsrapport om den alvorlege hendinga.

Gisle Johanson

HAR GRANSKA HENDINGA: Gisle Johanson, kommunikasjonsdirektør i Odfjell Drilling, seier den interne granskinga etter kort tid viste at lekkasjen skuldast menneskeleg feil.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Lekkasjen og krenginga skuldast alvorleg menneskeleg svikt, fortel Gisle Johanson, kommunikasjonsdirektør i Odfjell Drilling.

– Dykkarane fjerna pluggen i eit sjøvassinntak som stod ope. Det førte til at vatnet strøymde inn og utsette personellet som arbeidde på innsida for fare, og førte til at riggen krenga.

Dramatisk hending

Mannskap ser på Island Innovator

MANNSKAP SER PÅ ISLAND INNOVATOR: Dei evakuerte arbeidsfolka ser på den krengande plattforma frå land. Det var hundre menneske ombord på 'Island Innovator' då lekkasjen skjedde.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

For dei tre personane som var inne i det tronge pumperommet då vatnet brått fløymde inn, kunne situasjonen fort blitt langt meir alvorleg, seier Johanson.

– Det var tre mekanikarar som arbeidde med å demontere den gamle ventilen og få på plass den nye. Dei stod då inne i eit relativt trongt rom med mykje utstyr, der det brått strøymde inn mykje vatn med høgt trykk. Det var svært dramatisk for dei tre der inne.

Til alt hell kom alle tre seg raskt ut. Ein av dei fekk ei mindre skade i kneet under hendinga.

LES ÒG: Bellona meiner hastverk var årsaka til lekkasjen

Stikk i strid med instruksane

Det var under arbeidet med å skifte ut alle ventilane på understellet på riggen at lekkasjen skjedde, fortel Johanson.

– Derfor hadde vi plugga av alle sjøvassinntaka, og var i ferd med å skifta ventilar i den eine seksjonen. Det er ein del av instruksen for jobben at ingen av desse pluggane skal fjernast mens det er folk på innsida av skroget.

Korleis kunne det då likevel skje?

– Dette er ein beskjed som blir gitt mellom to personar, og det er vanskeleg for oss i etterkant å spekulere i korleis det skjedde. Det viktige er å unngå at dette skjer igjen. Dette var ei feilvurdering, ein feil beskjed som blei gitt.

– Kva konsekvensar fekk hendinga?

– Vi tok avgjerda kort tid etter om at det aktuelle dykkarselskapet ikkje skulle vera med vidare. Vi stansa opp alt arbeidet, tok ein full time out, for å gjennomgå all opplæring og kompetansen hos alle underleverandørar, seier Johanson.

Kunne ikkje skjedd til havs

Til alt hell kom dei tre personane som var på innsida av skroget seg raskt ut. Resten av evakueringa gjekk knirkefritt. Johanson seier det som skjedde 31. mai ikkje kunne skjedd til havs, rett og slett fordi det ikkje ville blitt utført denne typen på same måte der.

Fagforbundet SAFE tok etter krenginga i mai til orde for strengare kontroll med flytande riggar, etter fleire episodar det siste året.

Johanson meiner kritikken er grunnlaus.

– Vi er glade for at ingen blei alvorleg skadd. Det er det viktigaste. Dette er ei hending som på ingen måte kunne skje i open sjø, fordi den type arbeid som blei gjort, er arbeid som blir gjort når riggen ligg til land og blir gjort klar til å møte dei strenge krava som gjeld på norsk sokkel.

100 personar vart evakuert då oljeriggen «Island Innovator» tok inn vatn og fekk slagside på Hanøytangen på Askøy.

Dramatisk då platform tok inn vatn