Hopp til innhold

Sakna jegar funne i god behald

Eit mann i 20-åra vart meldt sakna av jaktlaget sitt. Etter ein større leiteaksjon vart han funne i god behald.

gullbrå eksingedalen

Politi med hundepatrulje, Norske Redningshundar, Røde Kors og Sivilforsvaret har laurdag rykka ut til Gullbrå i Eksingedalen, skriv Avisa Hordaland.

Årsaka er at dei leitar etter ein mann i 20-åra som er meldt sakna av jaktlaget sitt. Mannen var på jakt med fleire, men ingen har sett han sidan fredag kveld. I natt har jaktlaget leita, før dei melde han sakna i dag tidleg.

Til avisa seier operasjonsleiar Jan Steimler i politiet at mannen er godt utstyrt med mat og duk.

– Det er så godt som ingen telefondekning i området, noko som er ei utfordring.

Fleire detaljar vil ikkje politiet gi om mannen. Politiet svarar ikkje på NRK sine førespurnader.

Funne i god behald

Klokka 14.30 melder politet at mannen er funne i god behald av.

- Han hadde gått seg vekk og tatt feil på veg til hytta i går kveld, seier operasjonsleiar Jan Steimler i politiet til Bergens Tidende.