KRITISK: Politioverbetjent Per Helge Sekse er kritisk til at folk sender opp naudraketter for moro skuld.
Foto: Egil Torheim / NRKSeinast i går kveld blei det sendt opp naudbluss i eit hytteområd ved Seljestad i Hardanger.
To aksjonar på kort tid
Politiet rykte ut til staden, men fann ingenting som tyda på at nokon var i naud. Hovudredningssentralen blei og varsla, men aksjonen blei avslutta seinare på kvelden, ifølgje loggen frå politiet.
Det er berre to veker sidan dette skjedde i same område, og no er politiet i Hardanger lei av slike hendingar.
– Vi reknar med at dei gjer det berre for moro skuld. Men utanom nyttårsafta må vi ta dette alvorleg, seier politioverbetjent Per Helge Sekse ved Hardanger lensmannskontor.
Problem i nyare hyttefelt
Han seier dette er eit kjent fenomen også frå andre politidistrikt, og at det ofte er knytta til nyare hyttefelt. Men han understrekar at det er ulovleg å senda opp rakettar utanom på nyttårsafta, viss ein ikkje er i naud.
Les og: | | | |
– Dette fører til heilt unødig ressursbruk for politiet og andre leitemannskap som kanskje skulle vore brukt på andre ting. I verste fall kan det føra til at slike naudsignal ikkje blir tatt like alvorleg neste gang, seier han.
Sekse seier folk kan bli straffa med fleire tusen kroner i bøter viss dei blir tatt for å ha sendt opp naudrakettar og naudbluss utan at nokon er i fare.