Hopp til innhold

Lastebil reiv laus plater i Sædalstunnelen

Ein lastebil kilte seg fast i taket på Sædalstunnelen og reiv laus sikringsmatter frå taket. Vegen er no open for trafikk.

Sædalstunnelen

MANUELL DIRIGERING: Statens vegvesen dirigerer trafikken forbi på staden. Ny vurdering på om tunnelen skal stengast vert gjort no.

Foto: Marius Erstad

Dei lause platene som heng ned frå tunneltaket skal ikkje vere straumførande, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Tore André Halland.

Sædalstunnelen

REIV LAUS PLATER: Ein lastebil har rive laus plater frå taket i Sædalstunnelen.

Foto: Marius Erstad

– Sjåføren er nok ganske stressa no, men ingen er komme til skade, og det skal ikkje vere farleg opphalde seg i tunnelen.

Manuell dirigering på fv. 188

Lastebilen var på veg gjennom Sædalstunnelen på fylkesveg 188, då han tok opp i taket og reiv laus plater og sikringsmatter.

Det var manuell dirigering på staden medan entreprenøren rydda opp, men tunnelen er no heilt open for trafikk, opplyser Statens vegvesen.