Hopp til innhold

Lagar «blodig» fingermat til Halloween

Denne bakeren praktiserer ein litt spesiell tradisjon. – Det hender eg legg ved ein finger i brødposen til stamkundane mine.

Kakefat med kransekaker forma som menneskefingrar

SKAL DET VERA EIN PEIKEFINGER TIL DESSERT?: Bakar Tor Rune Jensen på Morvik hjemmebakeri i Åsane lagar kransekaker forma som menneskefingrar, i anledning Halloween.

Foto: Lene Granli / NRK

Bakar Tor Rune Jensen med kransekakene sine

– MYKJE MORO: Bakar Tor Rune Jensen tykkjer det er viktig å finna på noko moro i anledning Halloween-feiringa.

Foto: Lene Granli / NRK

Humøret og bakegleden er på topp hjå Morvik hjemmebakeri i Åsane om dagen. Den amerikanske høgtiden Halloween står på trappene, og bakar Tor Rune Jensen er i gong med ein årelang tradisjon.

Han lagar kransekaker som ser ut som blodige, avkutta fingrar.

– Vi treng litt konditorfarge, så får vi sjå om vi får dei til å bli så ekle som mogleg, smiler Jensen.

Skremmer stamkundane

Saman med dottera Amanda Turøy Jensen går han nøyaktig til verks. Ho er med i bakeriet for å hjelpe med å legge siste hand på verket.

– Det er artig å jobbe med dette, seier Amanda medan ho legg raud konditorfarge på strategiske plassar på kransekakene.

Dei to går nøyaktig til verks og kransekakene vert forma med fingre som har ledd og rynker. Deretter legg dei på mandlar som skal førestille neglene.

Kransekakene ser nærast naturtru ut og bakaren fortel at han har hatt det mykje moro med stamkundane sine opp gjennom åra.

– Spesielt når dei hamnar oppe i handleposen deira. Det er jo ein fin effekt å finne ein kransekake-finger oppe i brød- eller bolleposen, flirer Jensen og legg til at kundane set pris på spøken.

Saka held fram under biletet

Amanda Turøy Jensen lagar Halloween-kransekaker

SISTE HAND PÅ VERKET: Amanda Turøy Jensen hjelper far sin med å laga dei spesielle kransekakene. Her legg ho på raud konditorfarge.

Foto: Lene Granli / NRK

Feirar Halloween

I resten av bakeriet er det fleire teikn på at den amerikanske høgtiden er over oss. I lokalet har bakaren pynta med gresskar, oransje lanterner og andre effekter.

Jensen seier mange rettar ein kritisk finger til Hallloween-feiringa, men sjølv meiner han det må gå an å ha det litt moro.

– Eg syns det er viktig at vi har det litt gøy i dei mørke månadane, og det er kjekt for ungane også.