Hopp til innhold

Lovar betring etter krass kritikk

Leiinga på Kvinneklinikken lovar å rydda opp. Får kritikk i tilsynsrapport.

Kvinneklinikken ved Haukeland universitessjukehus frå krass kritikk av fylkeslegen. No lovar klinikksjef Ingrid Johanne Garnes å rydda opp.

VIDEO: Kvinneklinikken får kraftig kritikk i tilsynsrapport. No lovar klinikksjefen å rydda opp.

Legg seg flat etter kritikk

LEGG SEG FLAT: Klinikksjef Ingrid Johanne Garnes lovar å rydde opp.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Eg skulle ønskja at dette ikkje hadde skjedd, seier Ingrid Johanne Garnes som er klinikksjef ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

Kvinneklinikken får flengjande kritikk av fylkeslegen i Hordaland. Ei av dei kritiske innvendingane er at helsepersonellet ikkje i stor nok grad høyrer på kvinnene som skal føda.

Med over 5000 fødslar kvart år, er sjukehusavdelinga saman med Ullevaal sjukehus den nest største fødeavdelinga i landet.

– Lyttar ikkje til kvinnene

Følgjande kritiske merknader har fylkeslegen til praksisen ved fødeavdelinga:

  • Kvinner får ikkje i tilstrekkeleg grad medverke til val rundt fødsel.
  • Leiinga er lite lydhøyre for kritiske spørsmål frå tilsette, spesielt om den høge terskelen for å utføra keisarsnitt.
  • Leiinga følgjer ikkje med på at faglege retningsliner vert følgde.
  • Oppfølging av svikt vert ikkje tatt tak i på tilstrekkeleg måte.
  • Leiinga bruker i for liten grad erfaringar, statistikk, tilbakemeldingar og hendingar til å analysera og justera eigen praksis
Fylkeslege Helga Arianson

KRITISK: Fylkeslege Helga Arianson er kritisk til korleis Kvinneklinikken vert leia.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Eg synst dette er alvorleg. Det er ei alvorleg sak hjå oss. Me har funne fram til at det er fleire ting ved leiinga av Kvinneklinikken som ikkje er slik det skal vera, seier fylkeslege i Hordaland Helga Arianson.

Lovar betring

– Me tar denne tilsynsrapporten på det største alvor. Me har ikkje handtert feila våre på ein god nok måte, seier klinikksjefen.

Men er det riktig at de ikkje lærer av feil ikkje høyrer på pasientane og ikkje følgjer dei nasjonale retningslinene?

– Det er eit snev av sanning i alt. Når pasientane våre seier at me ikkje høyrer dei, så er det ei sanning i det, som me no må ta inn over oss. Når det gjeld nasjonale retningsliner følgjer me dei. Men på ein annan måte enn det fylkeslegen ønskjer, seier Garnes.