Trafikkulukke i Masfjorden - Det var trafikkopphoping på staden etter ulukkka, fram til ein bergingsbil fekk fjerna den involverte bilen. - Foto: Kjetil Fjellby /

Det var trafikkopphoping på staden etter ulukkka, fram til ein bergingsbil fekk fjerna den involverte bilen.

Foto: Kjetil Fjellby

Her kolliderte buss og personbil

Ei kvinne er flydd til Haukeland etter ei trafikkulukke i Masfjorden. Fleire av busspassasjerane skal ha blitt sjokkskadde.

Kollisjon i Masfjorden - Bussen fekk store materielle skadar i bussen, men ingen av dei som var inni kom fysisk til skade. - Foto: Kjetil Fjellby /

Bussen fekk store materielle skadar i bussen, men ingen av dei som var inni kom fysisk til skade.

Foto: Kjetil Fjellby

Ein buss og ein personbil var involvert i ei møteulukke ved Sør-Kvingo i Masfjorden kl. 07.17 tysdag morgon.

– Møteulukka skjedde i ein sving ved Sør-Kvingo. Føraren av bilen var ei kvinne som var aleine i bilen. Ho er sendt til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse. Etter det me kjenner til skal ho ikkje vera kritisk skadd, seier operasjonsleiar Jan Steimler i Hordaland politidistrikt.

Sjokkskadar hos busspassasjerane

Ifølgje AMK skal kvinna vera vaken og oppegåande, og tilstanden skal vera stabil.

Busspassasjerane skal ikkje vera fysisk skadde, men fleire skal ha fått sjokkskadar.

– Det kan opplevast som skremmande å vera involvert i ei slik ulukke og dei som treng det får hjelp av helsepersonell på staden, seier Steimler.

Det var til saman sju personar på bussen. Bussen er ein kombinert rute- og skulebuss, som var på veg frå Andvik til Knarvik. Fleire av passasjerane i bussen er elevar ved Knarvik vidaregåande skule, opplyser politiet.

Ein kjent ulukkesstad

– Etter å ha snakka med helsepersonell på staden reiste dei fleste av busspassasjerane vidare mot Knarvik, seier Ivar Holmaas, lensmann i Masfjorden.

Politiet kan førebels ikkje seia noko om årsaka til møteulukka, men opplyser at det fleire gongar tidlegare har skjedd trafikkulukker på denne staden.

– Det er ikkje mogleg med passasje i denne svingen, forklarer Holmaas.