Hopp til innhold

Kvinne flykta frå brennande hus

Ein einebustad i Fitjar er brent ned til grunnen. Ei kvinne som budde i huset klarte å redda seg ut.

Brann i Fitjar

IKKJE TIL Å REDDA: Då brannvesenet kom fram til huset i Fitjar, var det allereie overtent.

Foto: Håkon C. Hartvedt / FITJARPOSTEN

Politiet fekk melding om brannen klokka 08.45 i dag.

– Me fekk beskjed om at det var overtenning i huset, og at personen som var i huset var kome seg ut. Ho blir vareteke av naboar, seier Andreas Skram Hansen, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt

Det var ikkje fare for at brannen skulle spreia seg til andre hus i området.

– Brannvesenet har greidd å berga ein garasje og eit uthus på tomta, seier Skram Hansen.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjend.

– Me kjem til å sperra av åstaden, og kriminalteknikarar vi gjera undersøkingar i løpet av dagen.

Brannvesenet driv no med ettersløkking på staden.