Hopp til innhold

No blir det vill vest på TV-skjermen

Medan tv-kameraet rullar og går, er dei to bestekompisane Joar og «Lothepus» frå Hardanger på veg for å stela ein båt. – Du køddar ikkje med hardingar veit du, seier Joar Førde

Teaser om Fjorden Cowboy serien

TEASER: «Fjorden Cowboys» handlar om bestekompisane Lothepus (t.v.) og Joar Førde (t.h) som kjem frå Hardanger. Foto/Flimmer Film.

Han er ein av hovudkarakterane i den nye dokumentarserien «Fjorden Cowboys», som har premiere på TV2 Zebra i morgon kveld. Tyveriet blir å sjå igjen i fyrste episode av serien.

– Det var ein sunnmøring som hadde kjøpt ein båt av Lothepus som han aldri betalte for. Då bestemte vi oss for å stela den tilbake, forklarer Førde.

Dokumentarserien følgjer bestekompisane Joar Førde og Leif Einar Lothe («Lothepus») som er fødd og oppvaksen ved Sørfjorden i Hardanger. Dei arbeidar saman i anleggsbransjen kor kvardagen består av gravemaskinar, boreriggar og dynamitt, diesel, stål og sveitte. I tillegg sjonglerer dei eit rallarliv med pappahelger og lar ingenting stoppa dei frå å realisera draumane sine, heiter det i omtalen av programmet.

Bak postkort-fasaden

Serien er dønn ærleg, og det er nok grunnen til at den vert sendt kl. 22:30 om kvelden

Joar Førde

– Det er ein dokumentarserie om livet i Hardanger litt bak postkort-fasaden, seier Joar Førde, som er ein av hovudfigurane i dokumentaren.

Fjorden Cowboys

COWBOY: Joar Førde er ein av hovudkarakterane i den nye dokumentarserien på TV2 Zebra.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

Serien viser at dei lever livet utanfor normene. Dei har sin eigen måte å takla utfordringar på, og seier ofte: «Går det så går det. Går det til helvete så går det til helvete». Serien følgjer dei på anlegg og sjau, i kvardagen og på ville eventyr.

Fasinert over kulturen i Hardanger

Hildegunn Wærness er regissør for «Fjorden Cowboys» og søskenbarnet til Joar Førde. Ho har vore på besøk i fjorden sidan ho var ei lita jenta, og vart fasinert over kulturen i Hardanger. Difor ville ho laga ein dokumentar om dette.

– Det byrja eigentleg for ti år sidan. Då hadde eg med eit kamera og filma litt rundt omkring i Hardanger. Då møtte eg så mange flotte folk og byrja å reflektera over den unike kulturen og hardingmentaliteten. Til slutt forstod eg at det måtte bli laga noko om dette, seier Wærness.

Wærness valte då å laga ein dokumentarserie med estetiske og narrative element frå spelefilm med Joar Førde og Lothepus som hovudkarakterane. I tillegg vart ho inspirert av gamle westernfilmar når ho skulle presentera sjåarane villskapen i fjorden.

bilete av Wærness

HARDINGMENTALITET: Regissør Hildegunn Wærness (i midten) vart fasinert over den unike kulturen i Hardanger og hardingmentaliteten som finst der.

Foto: Ragnhild Sørheim / Flimmer Film AS

– Karakterane har sjeldan regi på seg, og vi har følgt livet deira på godt og vondt, utan innblanding, seier ho.

Etter over to år med filming i Hardangerfjorden, har det resultert i ti episodar på 24 min kvar.

Mykje humor, varme og skrøner

Førde og Lothepus har hatt kamera hengjande over seg på jobb og på fritida i over to år.

– I byrjinga var det litt stress, men dei filma jo berre det vi brukar å gjera. Det var ikkje regi på noko, og dei har berre følgt med. Så det gjekk eigentleg veldig bra, seier Førde.

I serien møter vi to kompisar som jobbar hardt, festar hardare og som ser lyst på livet.

– Vi lever kanskje litt atypisk, men eg trur likevel det er mange frå andre bygder som også vil kjenna seg igjen. Men eg trur kanskje at dei lokale her inne kjem til å få seg nokre aha-opplevingar, ler Førde.

Etter mykje venting, så nærmar det seg endeleg premiere på serien. Førde gler seg no til å sjå resultatet.

– Eg gler meg, men det vert jo veldig spennande. Det som er løye er at når vi fekk sjå klippa no nyleg, så hugsa vi ikkje ein døyt. Vi såg klippa og fyrst då hugsa vi det: «Oj, faen der har vi jo og vore ja». Så vi vart av og til overraska, ler Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjorden Cowboys

VILLE EVENTYR: I serien følgjer ein kompisane på jobb, i kvardagen, på fest og mange ville eventyr.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

Dønn ærleg

Førde har berre fått positive tilbakemeldingar om at folk gler seg til å sjå serien.

– No håpar eg berre at det innfrir forventningane. Det er litt jantelov der ute, så det kan nok henda at nokon ikkje likar det så godt. Serien er uansett dønn ærleg, og det kanskje grunnen til at den vert sendt 22:30 om kvelden, seier Førde.

Han gler seg no til å høyra tilbakemeldingane etter at folk har sett serien.

– Eg er mest spent på korleis det vert motteken av folk som ikkje kjenner oss. Om dei også likar det dei ser, så skal eg vera nøgd, svarer cowboyen.

Fjorden Cowboys

REALISERA DRAUMANE: Cowboyane sjonglerer rallarliv med pappahelger og lar ingenting stoppa dei frå å kunne realisere draumane sine.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

Serien skal gå på TV2 Zebra. I morgon 5. februar er det premiere på den nye dokumentarserien.