Hopp til innhold

Kvalen sette dagsorden i plastdebatten – no kjem den på utstilling

NYGÅRDSHØYDEN, BERGEN (NRK): Kvalen vart verdskjend fordi han hadde magen full av plast. No skal skjelettet læra oss å ta betre vare på livet i havet.

Her vert skjelettet til plastkvalen pusla saman

UTSTILLING: Gåsenebbkvalen hadde magen full av plast og måtte avlivast. No vert han stilt ut på Universitetsmuseet i Bergen.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

For to år sidan vart ein mager, sjuk kval funnen stranda ved Vindenes på Sotra i Hordaland.

Den tragiske historia til dyret kveikte eit stort miljøengasjement i heile landet. For kvalen, som hadde magen full av plast, fortel historia om det store ureiningsproblemet i verdshava.

Over natta vart plastkvalen kjendis.

No er seks meter gåsenebbkval på plass bak ein glasvegg på Nygårdshøyden i Bergen.

Ryggvirvel etter ryggvirvel er montert på plater, og pusla saman i den nyoppussa «Kvalsalen» på Universitetsmuseet i Bergen.

Utstillinga om plastkvalen er sentral

– Dette er eit veldig spesielt dyr, og difor har han fått ei svært sentral plassering i utstillingane, fortel zoolog og fyrsteamanuensis ved Universitetet i Bergen (UiB), Terje Lislevand.

Kvalskjelettet er festa på plater

KVALPUSLESPEL: Beina frå gåsenebbkvalen er monterte på plater, som må puslast saman når utstillinga skal på plass.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Museet vil at publikum skal kunna sjå alle kvaltypane som dei kan møta på i Nord-Atlanteren, når dei kjem innom «Kvalsalen». Men gåsenebbkvalen har mangla.

– Det var årsaka til at me ville ta vare på kvalen då han stranda på Sotra, seier Lislevand.

Hadde det vore ein vanleg kval, så hadde dei ikkje sjekka mageinnhaldet, seier han.

Men det gjorde dei, og i magen fann dei over 40 store og små plastflak. Desse skal stillast ut saman med beingrinda.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

PLASTKVAL: Kvalen hadde magen full av plast, og var svært avmagra.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

– Det er viktig å formidla kunnskap om korleis menneska påverkar livet i havet. Plastkvalen er godt eigna til å få fram problematikken med plast, seier han.

Døydde av plast, men ikkje forgjeves

Terje Lislevand og kollegaene har opplevd stor interesse etter at plastkvalen vart kjend. Folk vil læra, sjå plasten, bruka bileta. Og kvalen vekkjer framleis interesse utanlands.

Terje Lislevand er zoolog og fyrsteamanuensis ved Universitetet i Bergen (UiB).

VIKTIG UTSTILLING: Terje Lislevand, zoolog og fyrsteamanuensis ved Universitetet i Bergen seier at det var viktig å få gåsenebbkvalen inn i samlinga.

Foto: Ole Heilevang / NRK

– For eit par veker sidan kom det eit TV-team frå Portugal som ynskte å setja søkjelys på plastureining i eit eige fjernsynsprogram. Dei ville bruka kvalen som inngang til dette, seier Lislevand.

Frå Fjell via Finland og Kristiansand til Bergen

Vegen frå å vera ein stranda kval vest i havet til å verta utstilt i Bergen har vore lang.

–Fyrst måtte me slakta kvalen og ta vare på alle beina. Beina måtte gjennom ein kontrollert prosess der kjøt, blod og feitt losna frå beina.

– Kvalar har veldig mykje feitt inni knoklane, og det rann framleis feitt frå beina etter at kjøt og blod var vekke. Det måtte vekk, elles ville også beina etter kvart gå i oppløysing, seier Lislevand.

Varsemd og presisjon må til når kvalen skal monterast

FORSIKTIG: Varsemd og presisjon må til når kvalen skal monterast

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK


Difor måtte bein og knoklar sendast til Finland, og tilarbeidast ved Naturhistorisk museum i Helsingfors.

På veg heim til Bergen, gjekk turen innom Kristiansand, der beina vart monterte på plater.

Og det er desse som no er pusla saman på veggen i Bergen.

Sommaren 2019 opnar utstillinga i eit nyoppussa praktbygg ved Universitetet i Bergen.