Hopp til innhold

Mongstad kuttar 200 årsverk

Statoil Mongstad må kutte ytterlegare 200 årsverk dei neste tre åra. Dette kjem på toppen av 250 årsverk som er fjerna dei siste fire åra.

Statoil Mongstad

NYE KUTT: Statoil Mongstad har allereie vore gjennom store kuttprosessar tidlegare. No må dei kutte endå meir.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Det skriv Strilen.

Dei neste tre åra skal 30 milliardar kroner kuttast i investeringsbudsjettet. I starten av februar forklarte konsernsjef Helge Lund kutta med høg leiteaktivitet og store kostnadsaukar.

– Tøff situasjon

Tidleg i februar før resultatet vart lagt fram vart det kjend at 100 årsverk vert fjerna innan forretningsutvikling.

No kjem også meldinga om at 200 årsverk skal kuttast på Mongstad dei neste tre åra. I løpet av dei siste fire åra er allereie 250 årsverk kutta.

– Det er ein tøff situasjon vi er i, men vi er ein tøff bransje med hard konkurranse mellom raffineria i Europa. Etter eit overskot i 2012 kjem vi ut igjen med minus i 2013, og vi har krav på oss om å forbetre resultatet med kring ein milliard i løpet av dei neste åra, seier fungerande direktør ved Mongstad, Øystein Austrheim, til Strilen.

Dårlegare resultat enn venta

Statoil sitt resultat for fjerde kvartal er under det analytikarane forventa. Driftsinntektene var på 158,4 milliardar, mot 160,1 milliardar i same kvartal i 2012.

Dette er bakgrunnen for at selskapet vil kutte om lag 30 milliardar kroner i investeringa frå 2014 til 2016.