Hopp til innhold

Kunnskapsministeren snur om masterkrav åtte dagar før fristen

Talet på søkjarar tredobla seg grunna strengare krav. Men no snur kunnskapsministeren: Ein treng ikkje mastergrad for å ta PPU neste år.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen står i Vandrehallen på Stortinget

SNUR: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen utset fristen for å søkja PPU med bachelorgrad.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Torsdag ettermiddag stadfestar Kunnskapsdepartementet overfor NRK at kravet om mastergrad for å ta lærarutdanning gjennom praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) likevel ikkje gjeld frå 2017.

Grunnen er at departementet ikkje vil forverra den vanskelege arbeidssituasjonen i Noreg.

– I samband med at lærarutdanninga no vert ein femårig mastergrad, er det naturleg at det også vert stilt krav om master for å ta PPU. Me ser likevel at overgangsperioden kan bli knapp, spesielt i ein periode med store omstillingar i arbeidslivet. Me vil difor utsetja innføringa av kravet om mastergrad med to år, til 2019, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til NRK.

Eksplosiv auke i søknader

Meldinga kom etter at NRK torsdag retta fleire spørsmål om ordninga til departementet.

Fristen for å koma inn på PPU med bachelorgrad for aller siste gong, ville gått ut om åtte dagar, 15. april. Tal frå Universitetet i Bergen syner at allereie har nesten tre gonger så mange (509) søkt PPU som i fjor (186).

– Søkjarane er hovudsakeleg arbeidstakarar som ønskjer omskolering og tilsette i skuleverket som ønskjer å formalisera kompetansen sin, seier viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal.

Ho anslår at UiB vil ha plass til 225 studentar.

Steffen Handal

IKKJE HEILT NØGD: Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Burde vore fem år – minst

Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, etterlyste tidlegare torsdag gode argument for at dei nye krava skal gjelda allereie frå og med neste år.

– Overgangsfasen burde ha vore fem år – minst. No er det halvtanna år. At ministeren set så kort frist er på grensa til uansvarleg og heilt unødvendig, uttala Handal til NRK.

Han frykta for rekrutteringa når lærarar utan pedagogikkutdanning og studentar med starta studieløp til bachelornivå brått fekk endra føresetnader.

– No vert ei rekkje lærarar som jobbar i skulen utan PPU råka av dei nye krava. Det same gjeld studentar som har starta eit utdanningsløp under heilt andre føresetnader, seier Handal.

Svarte ikkje på kritikken – snudde

NRK konfronterte presseavdelinga til Kunnskapsdepartementet med utsegna, men fekk aldri ein kommentar frå Røe Isaksen eller andre i departementet.

Etter nokre timar kom kunnskapsministeren i staden med nyhendet om at departementet går vekk frå kravet om mastergrad frå 2017.

Handal er letta, men likevel ikkje heilt nøgd.

– Dette er heilt klart ei betre løysing, men vårt råd er likevel det same som før: Ein overgangsperiode på fem år, seier Handal.

Fastsette nye opptakskrav i fjor

Departementet fastsette ny rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning 21. desember i fjor.

– PPU vert no betre. Me skjerpar krava til PPU-studentane sitt faglege nivå, samstundes som PPU-utdanninga vert meir relevant, uttala kunnskapsministeren i ei pressemelding den gongen.