Hopp til innhold

Sjå kva som skjuler seg på havbotnen midt i Bergen

På botnen av Store Lungegårdsvann i Bergen ligg fleire skipsvrak. Til saman har Sjøfartsmuseet funne 25 lokalitetar, der fem er verneverdige båtar.

Dykkarar var på laurdag nede på havbotnen i Store Lungegårdsvann, bukta som ligg ein liten kilometer frå Bergen sentrum. NRK kan no visa dei unike bileta frå eit av dei mange verneverdige vraka som ligg i botnslammet midt i Bergen.

Overraskande intakt

Jørgen Birkhaug var ein av dykkarane som fekk sjå vraket av det over 100 år gamle dampskipet DS Topdal på botnen av Lungegården.

– Det er veldig artig å kunna dykka ned til eit historisk skipsvrak. Vi har visst om vraket lenge, men trudde det var tapt. Anten at skipet hadde sokke ned i mudderet eller var øydelagt, men det var overraskande intakt med mange flotte detaljar, seier Birkhaug.

Store delar av konstruksjonen på skroget er framleis intakt. Heile baugpartiet og midtskips med store delar av styrhuset står der framleis. Akterenden av vraket har derimot sokke ned i mudderet.

– Ein kan sjå veldig godt at det har vore eit skip og det er veldig kjekt. Til og med treverket og rattet for å styra skuta er der framleis, seier Birkhaug.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå når dykkarane var nede på havbotnen i Store Lungegårdsvann.

Verna fartøy

Til saman har Sjøfartsmuseet funne 25 lokalitetar i Store Lungegårdsvann. Dette har dei gjort ved å bruka ein fjernstyrt undervassfarkost.

– Det ligg mykje rart nede på botnen, til dømes DS Topdal, seier Amanuensis Arild Marøy Hansen ved Sjøfartsmuseet i Bergen.

Topdal

DS Topdal: Det over 100 år gamle dampskipet DS Topdal er eit av dei eldste eksisterande norskbygde fartøya vi har.

Foto: sjohistorie.no / Lillesand Sjømannsforening

Det over 100 år gamle dampskipet DS Topdal er eit av dei eldste eksisterande norskbygde fartøya vi har, og er verna etter kulturminnelova.

DS Topdal vart bygd i 1874 i Kristiansand. I 1940 vart skipet selt til Skibs-AS Farmann ved Finn Eide i Bergen. Skipet stod mykje av tida i bøye, men sank til slutt i 1946 og ligg framleis i Lungegården.

– Fartøyet eksisterer, men i kva slags forfatning?

– Topdal har låge der i nesten 70 år og står ganske fint på botnen. Det er fleire som tenkjer på å få ho heva og restaurert, seier Hansen.

Flakeskuter

Arild Marøy Hansen

TA VARE: Amanuensis Arild Marøy Hansen ved Sjøfartsmuseet i Bergen meiner det er viktig å behalda dei viktige kulturminna i Store Lungegårdsvann.

Foto: Leif Rune Løland

I tillegg til dampskipet har museet også påvist fira såkalla flakeskuter som dei meiner er over 100 år gamle og verneverdige. Detta var fraktebåtane som transporterte varer mellom kaiane og skipa inne i Vågen. Dei vart mykje brukt i Bergen til transport av blant anna kol og lasting/lossing av større skip.

– Dei vart brukt til varetransport når båtane var for store til å kome inn til kai. Dei vart brukt til mykje forskjellig, blant anna å transportera tørrfisk eller kull. Dei var rett og slett arbeidshestane i transporten, forklare Hansen.

Desse flakeskutene var ein stor del av bybiletet i Bergen, og det fanst mange av dei tidlegare.

– Det er nok enno folk i Bergen som har hatt mykje med desse flakeskutene å gjere, seier Hansen.

Åtvarar å dumpa

No leverer Sjøfartsmuseet ein rapport som åtvarar mot kommunen og jernbaneverket sine planar om å dumpa 50 000 lastebillass med tunnelstein i Store Lungegårdsvann.

– Den bør ikkje fyllast. Det vil øydeleggja alle moglegheiter ein har for å behalda det viktige kulturminnet, seier Hansen.

Skipsvrak sin verdi

– Har eit skipsvrak verdi når det ligg nede i gjørma i Store Lungegårdsvann?

– Det kan det ha. Om ein tenkjer på DS Topdal så er den originalvare. Det er slik eit klinka jernbygt dampskip ser ut.

kart

OVERSIKT: Her er ein oversikt over dei 25 lokalitetane i Store Lungegårdsvann.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Sjølv om bileta ser fine ut, så ser det jo ganske håplaust ut å få dei til å flyta igjen?

– Det kan godt henda, men inne i Store Lungegårdsvann er det oksygenfrie forhold i botnmassane. Det er ikkje vanleg rusting som går føre seg, så det kan godt henda at det har ein betre tilstand enn det ein skulle tru, forklarer Hansen.

Hansen meiner det er viktig å ta vare på lekterane så kunnskapen som er knytte til bygging, utforming og løysingar vert tatt vare på.

– Det er ingen skikkelege lekterar som er bevart, alle som finst har sokke. Desse vert ikkje brukt lengre, så lekterane som ligg nede i Lungegårdsvann er ein kjeldeverdi, seier Hansen.