Hopp til innhold

Legg ned drifta – nær 200 mistar jobben

WesternGeco i Knarvik legg ned drifta og kring 200 tilsette står utan arbeid. – Næringslivet vårt vert fattigare, seier ordføraren i Lindås.

Western Geco Knarvik

HISTORIE: WesternGeco i Knarvik legg ned. Nær 200 tilsette mistar jobben sin.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Ann Kristin Leirvåg

Hovudtillitsvald Ann Kristin Leirvåg.

Foto: Privat

Onsdag vart det avgjort at WesternGeco legg ned drifta ved fabrikken i Knarvik. 190 tilsette og 18 innleigde vil stå utan jobb innan nokre få veker, skriv avisa Strilen i dag.

Det var i juni at varsellampane byrja å blinka. På eit allmøte fekk dei vel 200 tilsette vita at bedrifta såg på moglegheita for å leggje ned.

WesternGeco er verdas største seismikkselskap, og er eit heileigd dotterselskap av det internasjonale oljeserviceselskapet Schlumberger. Totalt har selskapet rundt 700 tilsette i Norge.

– Den harde realiteten

Årsaka til nedlegginga er det høge kostnadsnivået i Norge, kombinert med at det er mindre investeringar i leiteaktivitet i olje- og gassindustrien. Fabrikken lagar kablar til seismiske undersøkingar, men har vore gjennom fleire rundar med nedbemanning dei siste åra.

– Dette er den harde realiteten. Det blir ei tøff tid for mange framover, seier hovudtillitsvald Ann Kristin Leirvåg til Strilen.

Ho seier at det største sjokket kom i juni, då dei var informert om moglegheita for nedlegging.

– No var det meir sånn at me fekk stadfesta det me visste ville komma. Dei fleste forstod at det gjekk denne vegen.

Meiner næringslivet vert fattigare

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes i Lindås kommune beklagar nedlegginga.

– Næringslivet vårt vert fattigare. Kommunen og regionen mister med dette ei verdifull og kompetent bedrift.

Fleire av dei tilsette har jobba i bedrifta i meir enn 20 år.

– Å ta imot den endelege meldinga om nedlegging er sjølvsagt trist og vanskeleg for dei som mistar jobbane sine. Trass i den tøffe situasjonen er eg trygg på at eigaren legg opp til ein ryddig avviklingsprosess og at dei tilsette vert varetatt på best mogleg måte.

– Ei vanskeleg avgjerd

Pressekontakt Lianne Olsen i WesternGeco seier dei har forståing for at nedlegginga vil har stor innverknad for dei tilsette og lokalsamfunnet.

– Vår prioritet no er å informera våre folk og å støtte dei. Årsaka til at vi gjer dette er det store fokuset på å redusere kostnader i den seismiske industrien.

– Presset på kostnadane i bransjen har auka betydeleg og det betyr at vi må ta dei naudsynte tiltaka for å halde oppe WesternGeco i ein konkurransesituasjon. Dette er sjølvsagt ei vanskeleg, men naudsynt avgjerd, seier Olsen til NRK.

Tomt ved utgangen av året

Av dei 200 tilsette vil nokon bli att for å rydda opp i bygget i Knarvik medan andre får tilbod om andre jobbar i WesternGeco. Men hovudtillitsvalde trur det kan bli vanskeleg for fleire av dei tilsette å få nytt arbeid, spesielt dei som er 58 år og oppover.

– Me forhandlar om korleis bedrifta kan ta vare på desse. Det er viktig at dei ikkje mistar AFP og liknande, seier Leirvåg.

– Dette er ikkje noko vi tek lett på. Derfor er leiinga fokusert på å jobbe saman med dei tilsette for å støtte dei i denne vanskelege situasjonen, svarar pressekontakt Lianne Olsen.

Fabrikkbygget vil bli lagt ut for sal på marknaden. WesternGeco reknar med at anlegget vil bli stengt ned ved utgangen av året.