Hopp til innhold

Fylkesutvalet kritiske til ny politiorganisering

Fylkesutvalet i Hordaland meiner det er lite føremålstenleg å slå Sunnhordland politidistrikt saman med distrikta Agder og Rogaland.

Politifolk

MOT STORE ENDRINGAR: Politidistrikta skal omorganiserast, og Politidirektoratet har no kome med forslag til korleis den nye organiseringa skal sjå ut. Fleire er usamde.

Foto: Runa Victoria Engen

Onsdag kom det fram at Politidirektoratet vil ha ti politidistrikt i landet, i staden for dei 27 vi har i dag. I framlegget kjem med dei med ein konkret plan for korleis desse ti distrikta skal sjå ut (sjå faktaboks til høgre).

– Lite føremålstenleg

Sunnhordland og Haugaland, som i dag er organisert saman, skal etter det Politidirektoratet ønskjer, bli slått saman med Agder og Rogaland. Men det reagerer Fylkesutvalet i Hordaland sterkt på.

Tom Christer Nilsen

KJEMPAR MOT FORSLAGET: Fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Torsdag har Fylkesutvalet samrøystes gjeve ei fråsegn om den nye politireformen, der dei frårår at Sunnhordland blir slått saman med Agder og Rogaland. For Hordaland omfattar dette kommunane Tysnes, Bømlo, Sveio, Stord, Etne og Fitjar.

– Hordaland fylkeskommune finn ei slik organisering lite føremålstenleg, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Kjem med motforslag

I staden ber Fylkesutvalet om at ein vurderer eit stort, felles politidistrikt for Rogaland og Hordaland, eller at fylkesgrensa vert avgjerande, og at alle kommunane i Sunnhordland går til Hordaland politidistrikt.

– Desse modellane vil styrke politiberedskapen og sikre samhandling med dei andre naudetatane i fylket, seier fylkesordføraren.

Fleire reagerer

Fylkestinget er ikkje åleine om å reagere, også kommunane i Sunnhordland er skuffa over forslaget til ny politiorganisering.

– Vi er veldig skuffa. Det vi har frykta aller mest, har vi i dag fått beskjed om at kanskje vil skje, sa Kjetil Hestad, ordførar i Tysnes og styreleiar i Samarbeidsrådet, til NRK onsdag.

Dei har bede om møte med stortingspolitikarar frå fylket, for å kjempe mot forslaget.