Hopp til innhold

Kritisk til tiltak mot laksepest

Næringa freistar å hindre store tap, men ekspert seier tiltaka kan gjere situasjonen verre.

Video LAKSEPEST HAR ØKT KRAFTIG

- I strategiplanen finst det nokon gode element, men diverre så er det òg fleire element som vil gjere situasjonen verre med tanke på Pankreas, seier professor Are Nylund som er ekspert på fiskesjukdomar.

Les òg: Laksepesten spreier seg

Intensiverer kampen

Oppdrettsnæringa intensiverer kampen mot det døydelege pankreas-viruset eller laksepest som det har vorte kalla.

Etter nedgang i fjor, har smitta spreidd seg til over 70 anlegg på Vestlandet i år.

- No vert det sett inn ekstra ressursar for å stogge viruset. Mellom anna skal me innføre auka prøvetaking og overvaking, seier Cato Lyngøy som leiar kampen for å få fiskesjukdomen under kontroll.

Nye strakstiltak

Det fyrste teiknet er at fisken i anlegget brått sluttar å ta til seg fôr. Fisken kan vere død alt etter 2-3 veker.

Laks

Slakting kan vere eit aktuelt tiltak mot laksepest.

Foto: Henning Bagger / SCANPIX

Eit av strakstiltaka er å gje fisken eit spesielt forsterka fôr.

- Me har dokumentasjon på at denne typen fôr fungerer godt. I tillegg skal me etablere store soner der me har felles utsett og felles brakklegging, seier Lyngøy.

Ein kan òg måtte slakte ned store mengder av oppdrettsfisken.

- Dersom fisken er stor nok til å slaktast, så kan dette vere eit aktuelt tiltak, seier Lyngøy.

Tiltaka kan gjere situasjonen verre

Professor Are Nylund er ikkje spesielt imponert over tiltaka som oppdrettsnæringa foreslår, og åtvarar om at det kan gjere situasjonen verre.

- Denne strategiplanen vil aldri kunne løyse problemet med Pankreas-sjukdom på Vestlandet.