Hopp til innhold

Melder valdssaker mot barn rett til politiet

Mange av uromeldingane vi sender til barnevernet vert oversett, meiner Krisesentersekretariet. Ved krisesenteret i Bergen vel dei å melde grove valdssaker rett til politiet.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Barnevernet anmelder foreldre» i nytt vindu

Tove Smaadahl

YNSKJER RUTINE: Tove Smaadahl meiner det Bergen krisesenter gjer bør bli rutine hjå alle krisesenter i Noreg.

Foto: Krisesentersekretariatet

– Vi har jo meldeplikt til barnevernet. Då forventar vi at dei går inn og tar ansvar, men vi har erfart at dei ikkje gjer det, seier dagleg leiar Tove Smaadahl i Krisesentersekretariet.

Kvart år er rundt 1 800 barn innom krisesentra i Noreg. Smaadahl fortel at dei har erfart at mange saker der barn har opplevd vald og overgrep, vert oversett av barnevernet.

Melder direkte til politiet

I Bergen har krisesenteret vald å melda dei grovaste valdssakene rett til politiet. Sidan 2011 har dei politimeldt 48 saker.

– I dei sakene vi verkeleg vurderer at det bør meldast til politiet, sørgjer vi for at det blir gjort. Vi sit med førstehandsopplysningar gjennom at vi har snakka med barna og har fått kartlagd kva som har skjedd før dei kjem på krisesentra, seier barnefaglegansvarleg Terese Egelid hjå Bergen krisesenter.

Grafikken øvst i saka syner 9 av dei 48 sakene som krisesenteret i Bergen har meldt til politiet.

– Sidan vi melder sikrar vi at barna sine rettar og rettstryggleik er teke vare på, meiner Egelid.

– Bør vera rutine i heile landet

Therese Egelid 2

MELDER TIL POLITIET: Barneansvarleg Therese Egelid hjå Bergen krisesenter.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Men det Bergen krisesenter gjer er ikkje vanleg rutine hjå krisesentra i resten av landet. Smaadahl i Krisesentersekretariatet er positiv til at senteret i Bergen vel å melda grove valdssaker direkte til politiet.

– Dette syner eit stort ansvar for dei mest sårbare og forsvarslause som kjem til krisesentra, nemleg barna.

Derfor meiner ho at det Bergen krisesenter gjer, bør overførast som rutine hjå resten av krisesentra i Noreg.

– Slik at dei barna får reell beskyttelse og at overgriparen blir dømt for dei kriminelle handlingane som er gjort.

Kommunen nøgd

I ein kommentar til NRK seier Bergen kommune at dei er nøgde med at krisesenteret melder frå til politiet.

– Bergen kommune er oppteken av at barn som vert utsett for vald eller overgrep får raskast mogleg hjelp og at etterforsking av eventuelle straffbare forhold kjem raskt i gang, seier leiar Anne-Lise Hornæs i Etat for barn og familie.

– Med det utgangspunktet er vi svært nøgde med at Krisesenteret tek eit direkte ansvar for at politiets etterforsking kjem i gang. Dette vert ikkje forstått av verken Krisesenteret eller kommunen som at barnevernstenesta i Bergen ikkje tek hand om sine oppgåver.

Ho seier kommunen støttar forslaget frå Smaadahl om at alle krisesenter i landet bør gjera som senteret i Bergen.