Hopp til innhold

KrF skiftar side i Hordaland

Knut Arild Hareide sitt eige fylkeslag vil samarbeida med Arbeidarpartiet etter valet.

Førstekandidat for KrF i Hordaland Pål Kårbø

VIL SAMARBEIDA MED AP: Førstekandidat Pål Kårbø stadfestar at KrF vil samarbeida med Ap og Sp etter valet. I dag presenterer partia ein samarbeidsavtale.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vallogo

På ein pressekonferanse klokka ti fredag vil toppkandidatane til Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg folkeparti signera ein avtale om å saman styra fylkeskommunen etter valet.

NRK har visst om samtalane ei stund. Og no stadfestar fylkesleiar og toppkandidat Pål Kårbø at KrF har valt å flagga kva side i politiikken dei vil lena seg mot dei neste fire åra.

– For vår del handlar det om å vera ryddige. I dialog med Senterpartiet og Arbeidarpartiet har med opplevd ei begeistring for at me skal få til noko, seier Kårbø til NRK.

Det er første gong sidan etter valet i 1999 at KrF vel eit samarbeid mot venstresida. Mellom 2003 og 2011 styrde partiet Hordaland fylkeskommune saman med høgresida.

– Har ikkje furta

Knut Arild Hareide

PÅ HEIMEBANE: KrF-leiar Knut Arild Hareide sitt eige fylkeslag flagga no side før valet.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

Etter det førre fylkestingsvalet valte Høgre og Framstegspartiet å byta ut KrF med Venstre. Dermed hamna KrF ufrivillig i opposisjon. Kårbø går ikkje med på at partiet no seier takk for sist.

– Me har valt å ikkje furta for det som skjedde for fire år sidan. Likevel kan eg vedgå at hendinga for fire år sidan slettes ikkje var god. Derfor har me denne gongen valt å vera tydelege før valet for å visa veljarane kva retning me vil gå, seier Kårbø.

Er det eit vanskeleg val i KrF å byta ut høgresida?

– Me er jo eit senterparti, så me skiftar jo ikkje side. Det som er unikt denne gongen er at me flaggar dette så lenge før valet.

Det politiske innhaldet i avtalen vil Kårbø ikkje ut med før pressekonferansen.

Etter det NRK forstår er Kårbø tiltenkt rolla som fylkesvaraordførar dersom trioen skulle komma til makta etter valet. NRK veit at dei tre partia også har forsøkt å få Venstre og Miljøpartiet dei Grøne med på laget.

I dagens fylkessting har Høgre, Framstegspartiet og Venstre fleirtal. men i Bergens Tidende si fylkesvalsmåling for januar hadde Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg folkeparti dei 29 setene som skal til for å få fleirtalet åleine.

Vil ikkje vera med på laget

Fylkesleiar og toppkandidat for Miljøpartiet dei Grøne Tom Sverre Tomren seier det ikkje har vore aktuelt å binda seg verken til høgre- eller venstresida.

– For oss betyr de ingenting kven som går for gode løysingar. Me ønskjer å stå fritt til å velja det som er best for miljøet. Då vert det feil av oss å la oss styra av at me får tilbod om eit komiteleiarverv, seier Tomren til NRK.

Ei endring i partiet

Fylkesleiaren legg ikkje skjul på at det har skjedd endringar i KrF. Både i Bergen og Hordaland har KrF i lange periodar hatt forpliktande samarbeid både med Høgre og Framstegspartiet.

– Ein treng ikkje vera nokon stor analytikar for å sjå at det skjer ting i vårt parti. Eg er komfortbel med det, så lenge det er dei politiske sakene som er det førande, seier Kårbø.

Tom-Christer Nilsen

TRIST: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen er skuffa over KrF ikkje vil samarbeidar med høgresida.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fylkesordførar: – Trist

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen frå Høgre er skuffa over at KrF vel samarbeid med Arbeidarpartiet. For fire år sidan bytta han sjølv ut KrF med Venstre etter valet.

– Dette er veldig trist. Me har ei lang historie saman med KrF, sjølv om me ikkje har vore i koallisjon i lag dei siste fire åra.

Er dette eit «takk for sist» frå KrF si side?

– Ein skal aldri utelukka at det går ein Nemesis igjennom livet. Dette handlar uansett ikkje om innhaldet i politikken.

Avtalen gjer det vanskelegare for den sittande fylkesordføraren å behalda makta. Han meiner KrF har jakta verv og posisjonar framfor politiske saker.

– Det er såpass lite nytt politisk her, at eg ser på dette som eit forsøk på å sikra seg verv, seier fylkesordføraren.