Hopp til innhold

Ordførar krev fortgang i trafikksikringa

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb i Voss er bekymra, og vil ha fortgang i trafikksikringa av E16. – Vi er veldig, veldig utolmodige.

Dødsulykke Stalheim

KREV FORTGANG: Etter nok ei dødsulukke på E16, krev ordføraren no fortgang i trafikksikringa.

Foto: Arne Hofseth

– Det er veldig krevjande å tenkje på at vi har ein veg som er så dårleg og ulukkesutsett. Det rammar veldig mange, og endå ein gong er det nokon som har mista livet. Det er berre tragisk, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) i Voss kommune.

Han er bekymra, etter nok ei dødsulukke på E16 i kommunen. No ønskjer han fortgang i trafikksikringa av vegen.

– Heilt frå Sogn og inn til Bergen hastar det med å gjere E16 til ein trafikksikker veg. Det er ikkje noko vi kan vente på i tiår, seier han.

Hans-Erik Ringkjøb

UTOLMODIG: Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap).

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Vi er veldig utolmodige

Etter stortingsvalet ser det ut til at Noreg får ei ny regjering, men ordføraren vil likevel ikkje endre arbeidsmåten fram mot betre vegar.

– Vi må halde fram å jobbe som vi har jobba heile vegen. Vi må jo tru på dei lovnadane som kjem, at ein ønskjer å prioritere ulukkesutsette vegar, og at ein ønskjer å prioritere E16. Noko mindre trykk frå oss blir det ikkje, vi er veldig, veldig utolmodige, seier han.

Ringkjøb meiner at Europavegen mellom dei to største byane i Noreg er for dårleg.

– Det er krevjande å tenkje på at vi har ein stamveg mellom aust og vest som veldig ofte er stengt, og er så ulukkesutsett som den er. No er det viktig å få på plass midlar, slik at vegen blir trafikksikker, seier arbeidarpartiordføraren.

Organisasjonen Nei til Frontkollisjoner meiner at det ikkje er nok med midlertidige tiltak.

– For oss held det ikkje at ein set ned farta og kjem med andre midlertidige tiltak. Vi ønskjer at denne vegen skal utbetrast til ein møtefri og sikker veg, seier leiar i organisasjonen, Geirr Tangstad-Holdal.