Hopp til innhold

Kreftforeningen rasar etter vaksinenekt: – Heilt absurd

Folkehelseinstituttet nektar norske kommunar å gje vekk fullt brukelege vaksinar.

En kvinne får en sprøyte med HPV-vaksine på St.

HPV: Vaksinene mot livmorhalskreft, dei såkalla HPV-vaksinene, vert gjeve til jenter på 7. trinn.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Barnevaksinasjonsprogrammet gjekk nyleg over til vaksinen Cervarix etter ein anbodsrunde, og vaksinar av merket Gardasil skal difor ut av bruk.

Berre i Bergen vart det funne over 150 vaksinar, og kommunen valde difor å tilby desse til kvinner i rusmiljøet.

Det fell ikkje i god jord hos Folkehelseinstituttet, som sette ned foten.

– Desse vaksinane er kjøpte inn til barnevaksinasjonsprogrammet og må kastast om dei ikkje vert brukte til det, seier Britt Wolden i FHI.

Kreftforeningen sjokkert

Britt Wolden, Folkehelseinstituttet

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Britt Wolden i FHI seier ho forstår reaksjonane, men at dei må rette seg etter lova.

Ifølgje FHI må vaksinane, som opphavleg vart brukte for å vaksinere jenter på 7. trinn, destruerast.

– Eg skjønar at ein vil prøve å få maksimal nytte av vaksinane, men vi må rette oss etter reglane som gjeld. Dette er lover og forskrifter, og dei følger vi, seier Wolden.

Det får Kreftforeningen til å rase.

– Det strir mot all sunn fornuft. Dette er verksame vaksinar som kan redde liv. Det er hårreisande at dei skal kastast i søpla i staden for å bli gitt til kvinner som treng dei, seier generalsekretær i Kreftforeningen, Anne Lise Ryel.

Får medhald frå fleire

Høgskulelektor Ruth Marie Donovan

INITIATIVTAKAR: Ruth Marie Donovan starta prosjektet med å gje vaksinene til rusavhengige kvinner og fekk støtte frå Bergen kommune.

Foto: Elise Angell / NRK

Ruth Marie Donovan ved Høgskulen på Vestlandet, som tok initiativ til å dele ut vaksinane til rusavhengige kvinner, synest meldinga frå FHI er nedslåande.

– Det er veldig synd å destruere vaksinar heller enn å gje dei til kvinner som lever i rus. Den gruppa er meir utsett for å få livmorhalskreft, seier ho.

Ho får medhald frå partileiar i SV, Audun Lysbakken.

– Det gir inga som helst meining og kaste fullt brukelege vaksinar. Bergen kommune har ein god plan. Desse kan bli gitt til dei som verkeleg har behov for å kunne få gratis og god hjelp frå helsevesenet. Ein må prøve å få til ei løysing før vaksinane går ut på dato, seier han.

Vil sjå på saka

No kjem Ryel i Kreftforeningen med ei klar oppfordring til eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp).

Åse Michaelsen

FOLKEHELSEMINISTER: Åse Michaelsen (Frp) lovar at ho vil prøve å finne ei løysing for vaksinane.

Foto: Andreas Sundby / NRK

– Ho må ta grep og syte for at vaksinane blir gitt til nokon som treng dei. Det er heilt absurd å kaste dei. Dette er vaksinar som kan redde liv, seier ho.

Og statsråden sjølv lovar at ho vil sjå på moglege løysingar for vaksinane.

– Eg skjønar godt frustrasjonen. Eg vil sjå om vi kan gi vaksinane som er til overs til grupper som er særleg utsette, og eg vil kome med ein konklusjon i god tid før desse går ut på dato, seier Michaelsen.