Hopp til innhold

Knuste den gamle 8. mars-rekorden i Bergen

Over 4000 møtte opp til markering av kvinnedagen i Bergen sentrum. Det er dobbelt så mange som den gamle rekorden fra 70-talet.

Stort oppmøte på Torgalmenningen 8. mars

REKORDMANGE: Arrangørane av kvinnedag-markeringa i Bergen anslår at minst 4000 møtte opp til markeringa på Torgallmenningen i Bergen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Klokka 15 i ettermiddag starta markeringa av kvinnedagen på Torgallmenningen i Bergen. Fem kvinner talte frå scena på Torgallmenningen og dei snakka om reservasjonsretten, sexkjøplova, kvinner sine rettigheiter i arbeidslivet og overgrep og valdtekt mot unge.

– Eg personleg synest det var gode og engasjerande innleiarar og appelantar. Innlegga såg ut til å engasjera publikum og det merka me på applausen, begeistringa og tiltop, seier Anna Kathrine Eltvik, leiar for arrangementskomiteen i Bergen.

Markering av kvinnedagen i Bergen i 2014.

VIDEO: Rundt 2000 gjekk i toget som gjekk frå Torgalmenningen litt over klokka 16 i ettermiddag. FOTO: Åge Algerøy

– Knuste den gamle rekorden

Når NRK snakkar med Eltvik er det kort tid før ho sjølv skal halda appell på Scandic City Hotel, og ho er strålande nøgd med oppmøtet på årets markering.

– Minst 4000 møtte opp på arrangementet og rundt 2000 var med og gjekk i 8. mars-tog. Det var rekordmange deltakarar, me knuste den gamle rekorden og det er me veldig stolte av, seier ho.

Markering av 8. mars i Bergen

FULLT PÅ TORGALLMENNINGEN: Mange møtte opp for å høyra på dei fem kvinnene som talte på scena på Torgallmenningen på kvinnedagen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Rekorden som i dag blei knust er frå 1970-talet og då var det 2200 personar som deltok på kvinnedagsmarkeringa.

Ingen negative tilrop i år

Også i Trondheim var det rekordstort oppmøte, og i Oslo var det 70-talstilstandar på Youngstorget.

– Tidlegare har feministar ofte fått sjelsord etter seg og blitt kalla mange negativt ladde ord. Då me gjekk gjennom sentrum i dag fekk me berre positive kommentarar. «Knus mannssjåvenismen» ropte nokre vaksne menn til meg, det var morosamt å oppleva, fortel Anna KAthrine Eltvik.

Markering av kvinnedagen i Bergen

FANER: Reservasjonsretten er noko fleire av dei som deltok i markeringa er opptatta av og motstandarar mot.

Foto: Åge Algerøy

Ho synest det er stort engasjement rundt kvinnesaker i Bergen og meiner reserversjonsretten er bakgrunnen for at rekordmange har valt å engasjera seg i år.

– Me får vurdera å senda dei blå-blå ein takkeblom, ler ho.

8. mars toget i Bergen gjekk frå Torgallmenningen litt over klokka 16. Arrangementet fortsette etterpå på Scandic City Hotel, der det blei halde fleire appellar, og det vil seinare i kveld bli konsert på Landmark.