SISTE: Avslutta intensivt søk. Gjerningsmannen er enno ikkje arrestert.
Politiet jakta etter gjerningsmann i området rundt jernbanestasjonen, bybanen, bystasjonen og Byparken i Bergen.
– Me har ein heilt klar oppfatning om at gjerningsmannen er i området rundt jernbanen, bybanen og Byparken, sa Erik Hole som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK då søket gjekk føre seg.
Gjerningsmannen skal ha stukke ein person med kniv på Midttun camping, som ligg ved Hardangervegen i Nesttun.
– Klokka 14.10 vart det meldt frå AMK om at ein person skulle vere skada på Midttun camping, sa Erik Hole like etter hendinga.
Gjerningsmannen skal vere frå Midtøsten-området, skal vere rundt 175 cm høg, og har på seg dongeribukse.
Forholdet mellom gjerningsmannen og den skadde skal vere familiært.
Knivstikkinga skal ha skjedd inne i ein leilegheit på campingområdet. Offeret budde på campingplassen, og sat på trappa utanfor leilegheita då politiet kom.
- HAR DU TIPS? Tips oss på sms/mms til 03030, eller på e-post 03030@nrk.no
Gjekk frå staden med kniven
Klokka 14.18 blei den skada personen tatt hand om av ambulanse. Det har blitt opplyst om at den skadde har stikkskade i ein fot og risp i hand. Fornærma er under behandling.
Gjerningsmannen gjekk frå staden etter hendinga, og skal ha hatt kniven i beltet.
– Kniven til gjerningsmannen er funnen på togstasjonen. Det er ein større kjøkkenkniv, og han skal ha mista den då han sprang. Politiet har ikkje væpning lenger, sa Frode Kolltveit som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.
– Det siste som har vore meldt er at gjerningsmannen skal vere i området rundt bybanen i sentrum, seier Kolltveit.
Politiet har avslutta det intensive søket. Gjerningsmannen er enno ikkje arrestert.
Leita med fleire patruljar
Politiet leita etter gjerningspersonen på Midttun, og væpna politi deltok i leitinga. Etter kvart heldt politiet fram med leitinga i sentrum.
– Fem patruljer i området ved Midttun camping leitar etter mistenkt for å arrestere personen, sa Hole til NRK like etter hendinga.
Etter at gjerningsmannen mista kniven på jernbanestasjonen heldt politiet fram leitinga uvæpna.
NRK oppdaterer saka.