Hopp til innhold

Knivdrepen på asylmottak i Fana

Ein person er drepen etter knivstikking på asylmottak i Ny-Paradis i Bergen. Gjerningsmannen skal også vera skadd.

Video Ein person drepen med kniv i Fana

Mannen blei funnen livlaus då politiet kom til asylmottaket, og det blei forsøkt livreddande arbeid, utan nytte.

På politiet sin pressekonferanse klokka 16.00 i dag fortalte politiinspektørane Morten Ørn og Sidsel Isachsen at den drepne vil bli obdusert i morgon.

Politiinspektør Sidsel Isachsen

Politiinspektør Sidsel Isachsen på pressekonferansen.

Foto: Hanne Marie Molde / NRK

Har funne kniven

– Gjerningsmannen var blodig då han blei pågripen, men oppegåande, og pågripinga skjedde utan dramatikk, seier politiinspektør Morten Ørn.

Politiet har kontroll på drapsvåpenet, som dei stadfestar er ein kniv, men dei vil ikkje seia ka type kniv det er snakk om.

Den pågripne mannen er på legevakten for blodprøvar, og blir avhøyrt utover kvelden.

Politiet har i tillegg 13 vitner som dei vil avhøyra i etterforskinga.

Ørn og Isachsen ville ikkje seia noko meir om alderen eller nasjonaliteten til korkje asylsøkaren som blei drepen eller gjerningsmannen.

Gjerningsmannen er skadd

Tidlegare i dag fortalte Rune Vedeler, politiet sin innsatsleiar på staden, at ein person utanom den drepne blei skadd av knivstikk på asylmottaket.

– Alle dei involverte er menn, fortalte Vedeler til NRK sin reporter på staden.

Operasjonsleiar Terje Hilland stadfesta sidan at det var gjerningsmannen som var skadd i tillegg til den drepne.

Politiet utafor asylmottaket der drapet skjedde.

Politiet utafor asylmottaket der drapet skjedde.

Foto: Andreas Grimsæth / NRK

Politiet snakkar med dei som bur i mottaket

Politiet snakkar med to av dei som bur i mottaket.

Foto: Andreas Grimsæth / NRK

Drap på asylmottak i Bergen

Store politistyrkar rykka ut.

Foto: Andreas Grimsæth / NRK

– Den drepne og gjerningsmannen er ikkje frå same land

Den drepte og gjerningsmannen skal ikkje vera frå same land.

– Dei bur der og er av utanlandsk opprinning. Det skal ikkje vera same nasjonalitet mellom dei, seier han.

I følge NRK sin reporter på staden skal det nå vera roleg rundt mottakshuset, men store politistyrkar er framleis til stades.

– Har vore konflikt på mottaket

Dagleg leiar i Lopex Mottak, som står for drifta av Ytrebygda statlege mottak for asylsøkarar, Hroar Espeland fortel at det har vore konfliktar på mottaket.

– Men det eg har høyrt om har ikkje vore i så alvorleg grad at dette kunne vere venta, seier han.

Espeland seier til NRK Hordaland at det bur 28 personar i huset der drapet skjedde.

– Vanlegvis er det roleg her

To av bebuarane møtte dei store politistyrkane og ambulansane på veg heim til mottaket frå skulen. Dei seier at det vanlegvis er roleg på mottaket, og at det nesten berre bur etioperar og eritrearar der.

Ein av dei NRK snakka med er 24 år gamal og kjem frå Eritrea.

– Det var veldig stille her då eg gjekk til skulen i dag tidleg, seier han til NRK.

– Eg blei veldig sjokka då eg fekk høyra om ka som har skjedd, held 24-åringen fram.

Gjerningsmannen pågripen

Operasjonsleiar Terje Hilland i Hordaland politidistrikt seier at dei har pågripe gjerningsmannen, og at dei er rimeleg sikre på at situasjonen nå er under kontroll.

– Me har sperra av åstaden, og det vil nå bli foretatt undersøkelsar av kriminaltekninsk avdeling, fortel Hilland.

Mottaket i Ny-Paradis 76

I dette huset blei asylmottakaren knivdrept. Huset har plass til 25 asylsøkarar.

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

Oppringt av tolk

Paradis Mottak ligg i Ny-Paradis 76. Hilland seier dei blei oppringt av ein tolk.

Politiet fekk melding om at ein eller fleire personar var stukne med kniv på eit asylmottak i nærleiken av Fana gymnas klokka 12.15.

– Det var ein tolk som ringte frå asylmottaket, fortalte Hilland til NRK Hordaland.

Saka blir oppdatert.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.