Hopp til innhold

Kjempar mot klokka for å sikra elva

Enorme snømengder i fjellet gjer at den flaumherja Opo-elva kan få uvanleg stor vårflaum. Sikringsarbeidet pågår for fullt, for å verna Odda mot nye flaumskadar.

Enorme snømengder i fjellet gjer at den flaumherja Opo-elva kan få uvanleg stor vårflaum. Sikringsarbeidet pågår for fullt, for å verna Odda mot nye flaumskadar.

FLAUMSIKRING: Arbeidet med å bygga opp sikring langs Opo-elva pågår for fullt (Foto: Oddgeir Øystese/Video: Kjell Jøran Hansen).

Jomar Bergheim

VENTAR NY FLAUM: Distriktsingeniør Jomar Bergheim i NVE seier det kan bli ein stor vårflaum.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Flaumen i Opo-elva i oktober reiv med seg fem bustadhus.

Då flaumens herjingar var over, låg elveløpet igjen som eit katastrofeområde.

Flaumfare til våren

Lastebilar tømmer svære steinblokker i elva. Gravemaskiner legg steinane opp langs elvebreidda, for at elva skal halda seg i løpet sitt neste gang storflaumen kjem.

Sikringsarbeidet har pågått ei god stund, men det er enno mykje igjen. Oppe i fjellet ligg meter på meter med snø som skal smelta til våren.

– Vi er klar over at det er mykje snø i fjellet. Vi kan venta oss ein bra vårflaum, seier distriktsingeniør Jomar Bergheim i NVE til NRK.

Men han har tru på at elva skal bli klar til å ta unna nye store vassmengder til våren.

John Opdal

OPTIMISTISK: Ordførar John Opdal i Odda håpar elva blir klar til å ta i mot vårflaumen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Vi satsar på å vera ferdig med det vi kallar krisetiltak i løpet av vinteren, seier Bergheim.

– Det hastar

Ordførar John Opdal (H) er også optimistisk, sjølv om tida er knapp.

– Det hastar, men eg trur vi skal koma i mål, seier ordføraren.

Planen er at elva skal tola ein såkalla 200-årsflaum. Det vil ta to år før alt arbeid i elva er ferdig.

I midten av desember fekk dei flaumramma kommunane på Vestlandet ei ekstra løyving frå regjeringa. Den største utbetalinga gjekk til Odda kommune, med 52 millionar kroner.