Hopp til innhold

Kapra toppjobb i Haag

Rudolf Christoffersen har leia bergenspolitiet si klappjakt på menneskehandlarar i mange år. No flyttar han til Haag for å jobbe med internasjonal kriminalitet.

Rudolf Christoffersen

NY JOBB: Politiadvokat Rudolf Christoffersen flyttar frå Bergen om to veker.

Foto: Trude Bakke / NRK

Ovanfor NRK bekreftar den profilerte politiadvokaten at han no skal ha to års permisjon, for å jobbe i EU-organet Eurojust.

Ser fram til å byrje i jobben

– Eurojust si oppgåve er å koordinere og leggje til rette for samarbeid mellom landa, i forhold til grenseoverskridande kriminalitet, som til dømes terrorisme og og narkotika. Dette er noko eg ser veldig fram til å jobbe med, seier Christoffersen.

Christoffersen har vore ein del av bergenspolitiet si EXIT-gruppe, som etterforskar sexkjøp, hallikverksemd og menneskehandel. Ingen har ført fleire saker om menneskehandel enn han.

Flytter om to veker

Får det konsekvensar for EXIT-gruppa at du no tek permisjon?

– Nei, gruppa har mange dedikerte etterforskarar. At eg forlet jobben vil ikkje ha noko å seie for gruppa sitt arbeid, seier han.

Christoffersen byrjar i den nye jobben 16. februar, der hovudoppgåva er å etterforske saker med koplingar til Noreg.