Hopp til innhold

Fransk turgåar (26) kan ha vore psykotisk

I august gjekk ein fransk turgåar til angrep på to menn i byfjella i Bergen. Ein psykiater meiner mannen kan ha vore psykotisk under angrepet.

fransk turgåer

KAN HA VORE PSYKOTISK: Den franske turgåaren er sikta for forsøk på lekamsskading med særlig farleg reiskap. Tre personar var involvert i slagsmålet: to vedlikehaldsarbeidarar frå Litauen og den franske turgåaren.

Foto: NRK

Ein fransk mann skal i byrjinga av august i år ha angripe to personar med kniv i Nordneshytten i byfjella i Bergen. Mannen er sikta for forsøk på lekamsskading med særleg farleg reiskap.

BAKGRUNN: Fransk turgåar (26) sikta for knivangrep i fjellhytte

Måndag blei mannen (26) varetektsfengsla på ny. Ein psykiater meiner mannen kan ha vore psykotisk, skriv BT.no.

Mannen skal mellom anna ha tatt amfetamin og røykt marihuana då han gjekk rundt i fjella. Psykiateren anbefaler no at 26-åringen går gjennom ei full mental undersøking fordi han kan ha vore psykotisk under slagsmålet.

Kan sleppe fengselsstraff

Luftambulanse Bergen

LUFTAMBULANSE: Dei tre mennene vart frakta med luftambulanse kvar for seg ned frå fjellet.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Den franske turgåaren er sikta for forsøk på lekamsskading med særlig farleg reiskap. Tre personar var involvert i slagsmålet: to vedlikehaldsarbeidarar frå Litauen og den franske turgåaren.

Psykiateren la fram si vurdering basert på 26-åringen og dei to vedlikehaldsarbeidarane si forklaring. Blir det slått fast at mannen var psykotisk då han gjekk til angrep, kan han unngå straff.

I rettsavgjerda kjem det fram at mannen stod fram som samla, og retten meiner det framleis er truleg at han var tilrekneleg i augeblikket.

Sendt til sjukehus med ribbeinsbrot

Mannen gjekk til angrep på dei to med kniv og kubein. Dei to arbeidarane slapp unna med lettare skader, medan turgåaren vart sendt til Haukeland sjukehus med ribbeinsbrot.

26-åringen skal no gjennom ei full rettspsykiatrisk undersøking før saka vert sendt vidare til statsadvokaten i Hordaland.

LES OGSÅ: Hevdar han vart angripen av arbeidarane