Hopp til innhold

Kan ha tapt over tre milliardar på gasskraftverket

Statoil tapte opp mot 500 millionar kroner i året på gasskraftverket på Mongstad, som no blir lagd ned.

MONGSTAD OLJERAFFINERI

LEGG NED: Statoil legg ned gasskraftverket på Mongstad neste år. Selskapet seier no at ingen årsverk vil bli kutta.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Låge straumprisar har gjort gasskraftverket på Mongstad utanfor Bergen ulønsamt. Tidlegare onsdag blei det kjend at Statoil difor legg kraftverket ned. Frå 2018 er det heilt stopp.

– Vi har eit årleg anslag på tap mellom 200 og 500 millionar kroner. Utfasinga av kraftvarmeverket vil betre lønsemda og konkurransekrafta for raffineriet på Mongstad, seier pressetalsperson i Statoil, Elin Isaksen.

Gasskraftverket vart opna i 2010. Anslaget til Isaksen vil seie at Statoil i verste fall har tapt 3,5 milliardar kroner på dei sju åra gasskraftverket har vore i drift.

Eit dundrande tap

Ved lansering av prosjektet i 2004 rekna Statoil med at det ville kosta tre milliardar kroner å byggje gasskraftverket. No viser det seg at prosjektet òg har kosta Statoil dyrt etter at det opna.

– Var det ei feilvurdering av Statoil å opprette gasskraftverket når ein ser kor mykje ein har tapt på det?

– Føresetnadene har endra seg sidan den tida vi etablerte kraftvarmeverket. Det har vi no tatt konsekvensen av, og fasar no ut kraftverket fordi det er ulønsamt. Det er ei kommersiell vurdering, og vi har sett at dette ikkje har vore lønsamt, seier Isaksen.

Elin Isaksen

STORE TAP: Elin Isaksen i Statoil seier dei store økonomiske tapa er årsaka til at gasskraftverket vert lagt ned.

Foto: NRK

Nedlegginga av kraftverket vil òg redusere CO₂-utsleppa med 250.000–300.000 tonn i året, noko som får miljøvernarar til å juble.

– No er endeleg punktum for satsing på gasskraftverk i Noreg sett. Eit stort punktutslepp blir lagd ned, difor er dette ein gledas dag for klima. Satsing på fornybar energi er uansett løysinga når eit varig og utsleppsfritt energisystem i Europa skal realiserast, seier Marius Holm, leiar i miljøstiftelsen ZERO.

Isaksen i Statoil lovar at nedlegginga av gasskraftverket ikkje vil bety kutt i talet på tilsette.

– Drifta av kraftvarmeverket har skjedd med tilsette som er tilsett på Mongstad, så der er det ingen endring. Dei tilsette vil få andre oppgåver, seier Isaksen.

Ein halv «mong»

Mange hugsar kanskje tilbake til den såkalla Mongstad-skandalen (ekstern lenke) på slutten av 80-talet.

Namnet blei brukt om krisa i Statoil frå 1987 til 1988, på grunn av ei budsjettoverskriding på seks milliardar kroner ved oppbygginga av raffineriet på Mongstad. I tida etter skandalen blei det populært å bruke termen «ein mong» på milliardsprekken.

Det økonomiske tapet Statoil no har hatt med gasskraftverket svarar dermed til ein halv «mong».