Hopp til innhold

Kan ha funne 1300 år gammal gudefigur

Med metalldetektor gjorde Håkon Huse eit heilt spesielt funn på Holmedal i Kvinnherad.

Håkon Huse og Kjell-Tore Holmedal

– HISTORISK FUNN: Figuren har eit hovud i kvar ende og eit svastikateikn på midten. Håkon Huse (t.v.) fann figuren då han søkte med metalldetektor på garden til grunneigar Kjell-Tore Holmedal (t.h.).

Foto: Håkon Huse/Elisabeth Berg Hass

– Eg måtte blunke eit par ekstra gonger. Eg kunne fyrst ikkje tru det eg såg, seier Håkon Huse til Kvinnheringen, som fyrst omtalte funnet.

Huse var på Holmedal i Kvinnherad for å søkje med metalldetektor på jorda til bonde og grunneigar Kjell-Tore Holmedal. Her har han tidlegare funne fleire gjenstandar som kan sporast tilbake til vikingtida, men ingenting som liknar på det han fann denne dagen.

Ti centimeter nede i jorda fann Huse ein 6,8 cm lang figur med eit hovud i kvar ende og eit svastikateikn eller hakekors på midten.

– Eg skjønte med ein gong at dette var noko veldig uvanleg og at det var forhistorisk. Det er ei fantastisk oppleving, det er dette me kallar ein «once in a lifetime oppdaging», seier Huse til NRK.

LES OGSÅ: Fann 1500 år gammal bronsespenne | Her gjer dei store funn frå vikingtida

Kan stamme frå før vikingtida

Figur frå Holmedal

GUDEFIGUR? Professor Liv Helga Dommasnes ved Universitetsmuseet i Bergen, meiner figuren kan ha vore pynt på eit kar som stammar frå ei grav.

Foto: Håkon Huse

Bonde og grunneigar Kjell-Tore Holmedal tykkjer det er heilt utruleg at han har hatt figuren under beina heile livet.

– Det er eit fantastisk at dette er blitt funne på heimegarden vår. Då eg såg det fyste gongen, måtte eg berre sette meg ned, seier Holmedal.

Figuren kan ha gøymt seg under jorda kanskje så lenge som sidan før vikingtida, seier Huse.

– Figuren stammar truleg frå kring år 700 og kan vere vesentleg eldre, garantert før vikingtida er den beskjeden me har fått no. I Yorkshire blei det i 2004 funne eit fragment av ein tilsvarande figur. Det britiske museet som har denne figuren har søkt etter ein match sidan då. No kan me smelle i bordet ein heil slik figur, funnen i Kvinnherad i Hordaland, seier Huse.

LES OGSÅ: – Han var en bereist mann

– Svært spennande funn

Håkon Hause og Kjell-Tore Holmedal

SPENTE: Håkon Hause og Kjell-Tore Holmedal er ekstatiske over funnet i Holmedal.

Foto: Elisabeth Berg Hass

Arkeologar og historikarar som har sett bilete av figuren meiner han truleg har vore del av ein offerbolle.

– Nokon meiner dette kan vere ein gudefigur av Odin fordi den har svastikateiknet på seg. Men dei fleste heller mot at den må ha sete på eit offerkar, seier Håkon Huse.

Professor Liv Helga Dommasnes ved Universitetsmuseet i Bergen, meiner figuren kan ha vore pynt på eit kar som stammar frå ei grav.

– Det er eit svært spennande funn, som eg gler meg til å sjå nærmare på, seier ho til Kvinnheringen.

– Grev ikkje laust på alt me finn

Huse understrekar at dei held seg til lova når dei reiser rundt for å søke med metalldetektor.

– Me har strenge lover å følgje. Det er viktig å presisere at det ikkje er slik at me grev laust på alt me finn. Det er strenge reglar for korleis ein skal handtere og melde inn slike funn som dette.

No skal figuren analyserast før den går inn som del av ei permanent utstilling ved Universitetsmuseumet i Bergen.

LES OGSÅ: Fant 1500 år gammelt smykke ved gravhaug | Fant sølvmynt fra 1500-tallet