Statoil Mongstad - 2011 var eit dårleg år for oljeraffineriet på Mongstad. - Foto: Ketil Jordan / NRK

2011 var eit dårleg år for oljeraffineriet på Mongstad.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Mongstad-tilsette kan få jobb dei har ønska seg i mange år

Statoil skal kutta 100 årsverk på Mongstad, men verken tilsette eller fagforeining er spesielt negative til det som skal skje.

I løpet av dei neste åra må 100 tilsette ved Statoil på Mongstad i Hordaland finna seg andre jobbar.

Driftsresultatet for 2011 er det dårlegaste nokosinne for oljeraffineriet på Mongstad, og kostnadane ved raffineriet skal kuttast med ein halv milliard kroner innan 2014, skriv Bergens Tidende.

Det vil innebera at mange tilsette mistar jobben sin på Mongstad, men Statoil er klar på at dei det gjeld ikkje vil enda opp som arbeidslause.

40 har allereie jobb klar

Nedbemanninga blir ikkje møtt med protestar frå dei som jobbar ved anlegget. Mange håpar derimot å få prøva seg i jobbar dei har ønska seg i fleire år.

40 tilsette har allereie fått nye jobb, eller lovnad om ny jobb, og det same vil skje med dei 60 som gjenstår over dei neste åra.

– Eg skal byrja på Troll B til hausten og det synest eg er veldig bra. Eg har søkt jobb offshore i løpet av dei siste åra, og etter 19 fine år på Mongstad får eg sjansen no, seier Øyvind Matre til NRK.

Mange håpar å få ny jobb i Nordsjøen

Matre er ein av dei 40 som allereie har ny jobb klar. Han innrømmer at det blir litt vemodig å slutta på Mongstad etter 19 år, men han meiner det er riktig tidspunkt å gå vidare.

Endringane som skal skje har vore eit naturleg samtaleemne blant arbeidskollegaer på Mongstad, og Matre sitt inntrykk er at dei fleste er postive til at dei kan få prøva seg andre stadar.

– Mange av oss har jobba både 10 og 20 år på Mongstad, og å få moglegheita til å jobba offshore synest dei fleste er positivt, seier Matre.

Leder i fagforeningen SAFE på Mongstad.

Fryktar meir overtid

– Eg deler optimismen på vegne av dei som no får sjansen til å komma seg til Nordsjøen. Eg er meir bekymra for dei som skal vera igjen, med tanke på overtid og at viktig kompetanse forsvinn, seier Jan-Erik Feste, leiar i SAFE Mongstad, til NRK.

Sjølv om 100 årsverk skal kuttast trur han ikkje Mongstad vil bli ein mindre attraktiv arbeidsplass.

– Det er ein fantastisk arbeidsplass med mange utfordringar i forhold til Nordsjøen, og eg håpar mange vil søka seg til Mongstad også i framtida, for folk må me ha, seier SAFE-leiaren.

Ikkje berre underskot på Mongstad

Jan-Erik Feste er opptatt av at Mongstad er meir enn raffineriet som slit økonomisk.

– Me har ein terminal og vest-prosess som går med overskot, seier Feste.

Han har tru på vidare utvikling på Mongstad, og håpar nye felt i Nordsjøen vil bli lagt til anlegget i Nordhordaland.