Hopp til innhold

Kaldaste julinatt i indre strøk på over 10 år

Fleire stader i landet vakna folk til rim på graset og is på ruta.

frost

KALDT: Dette biletet blei tatt på Hovden i Aust-Agder fredag morgon.

Foto: Grete Breivik

– Me har hatt nede i fire – fem grader enkelte plassar i Oslo, Hovden har hatt -3,7 og det har også vore ned mot null grader på Rena. Så det har vore ei kald natt, seier Ingrid Berntsen, ved Meteorologisk institutt.

Geir Ottar Fagerlid

Meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Meteorologisk Institutt

I indre strøk har temperaturane vore uvanleg låge, seier vakthavande meteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.

– Det har truleg vore den kaldaste julinatta i indre strøk på ein 10–15 år. På Vossevangen har det for eksempel ikkje vore så låge temperaturar i juli sidan 2004.

Ifølgje Klimavakten ved Meteorologisk institutt har 10–12 stasjonar som har vore i drift i 10–15 år sett rekord for lågaste temperatur i natt.

Måtte skrape is av ruta

Drude Wollan køyrde over Kvamskogen i Bergen i dag, og måtte ta fram isskrapa frå i vinter.

gras med rim

Svein Aasgard blei møtte av dette synet då han skulle ut og slå graset på Rørvik i Sogn og Fjordane i dag tidleg.

Foto: Svein Aasgard

– Alle bilane hadde rim på seg, det var rim på marka, gjerdet hadde rim på seg og blomstrane hang med hovudet, fortel Wollan.

Ho var på hytta på Kvamskogen utanfor Bergen då ho vakna til 2 grader og det noko uvanlege synet.

– Eg måtte skrape is frå frontruta og siderutene, og køyrde av garde med det på vindauga. Det låg på til eg kom til Eikedalen. I dag var eg rett og slett litt sjokkert, seier Wollan.

– Kaldaste julinatta på 10–15 år

Kvamskogen 17.07.15

KVAMSKOGEN: I natt har temperaturane vore nede på 2 grader på Kvamskogen.

Foto: Statens vegvesen/webkamera
Is på veranda

IS: Dette biletet blei tatt i dag i Skarsdalen, 750 m.o.h i Flå Buskerud.

Foto: Kerstin Østerholm

Då NRK snakkar med vakthavande meteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid, har han nettopp sett på temperaturane for natta.

– Dette kan stemme at bilistar har måtte skrape ruta i dag. Det har vore godt ned mot 0 grader i låglandet, og minusgrader i fjellet. Me har enno ikkje fått inn observasjonar for timane etter klokka fire, så det kan ha vore enno kaldare også, seier han.

Fagerlid seier innlandet også har hatt ein del låg tåke, noko som eigentleg er typisk for september og oktober, då ein får veldig kalde netter.

Norsk kulderekord for juli er -8,3 grader frå 5. juli 1951, registrert på Fannaråki, 2062 moh. Den lågaste julitemperaturen for Oslo er frå same dato. Det blei då målt 3,7 grader på Blindern. Rekorden for Bergen er 3 grader, målt på Flesland 12. juli 1963.