Hopp til innhold

Jonsson endeleg med skadeårsak

Brannkaptein Markus Jonsson har endeleg funne årsaka til seks veker med skade, men må stå over kampen mot Haugesund laurdag.

Jonsson og Skarsfjord

Både Rune Skarsfjord og Markus Jonsson er klare for å få Jonsson tilbake på banen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Det har vore tøft mentalt å ikkje vete kvifor eg har hatt så mange tilbakeslag, så det er godt å ha fått eit svar, seier Markus Jonsson.

Ute i seks veker

Brann sin nye kaptein har vore ute med skade i beinet sidan treningskampen mot Tromsø 8. mars, og har framleis ikkje spelt for det nye laget sitt.

No er han operert for åreknutar, og håpar å vere tilbake på trening innan ei veke.

– Dårleg blodsirkulasjon har ført til eit trykk i leggen som mest sannsynleg har gitt meg krampar. Me har trudd det var på grunn av småskadar, men det var det ikkje. No skal eg ta det roleg nokre dagar, og satsar på å trene for fullt att innan ei veke, seier svensken til Nrk.

Ikkje med mot Haugesund

Men midtstopparen må stå over kampen mot Haugesund laurdag også.

– Det har blitt gjort ein bra jobb med å få Jonsson skadefri, og no gler me oss til å få han tilbake, seier trenar Rune Skarsfjord.

– Treng litt fandenivoldskheit

Den tidlegare Haugesund-trenaren trur det vert ein tøff kamp mot nabolaget i sør, men han har trua på ein ny trepoengar mot laget dei aldri har tapt for.

– Me håpar å få fram fandenivoldskheita att. Eg trur ikkje det er viljen i laget det står på, og spelarane er veldig klare, seier han.

Treg start

Etter ein treg start på sesongen ligg Brann langt nede på tabellen, og har to poeng mindre enn Haugesund før bortekampen laurdag.

– Det er mange årsaker til at det har gått dårleg, men me har gjort bra ting også. Det er eit stort press å spele fotball i Bergen, og no prøver eg å ta av litt press hos spelarane og få dei til å sleppe seg laus att, seier Skarsfjord.

Er det håp om medalje i år?

– Me tenker ikkje så mykje på akkurat det, no er det viktigaste å ta poeng i neste kamp, seier Skarsfjord.

Kva trur du skal til for at Brann skal klatre oppover på tabellen? Diskuter i kommentarfeltet under.