Ulukka skjedde på Bømlo om lag klokka halv fem, og mannen vart send til Haukeland Universitetssjukehus med luftambulanse.
– Mannen ropte sjølv etter hjelp, og var medviten til han vart send med luftambulansen, seier operasjonsleiar i Sunnhordland politidistrikt, Svein Sørensen.
Jekken skal ha stått på grus eller gras, og har sklidd på underlaget.
Det er ukjent kva skadar mannen har fått.
Saka vert oppdatert.