Ein gjeng med gutar i ungdomsskulealderen går i sommar «i lære» hos Parkour-ekspert Gareth Whittaker.
– Det er ein del treningsmetode, og ein del leik og spel. Det handlar mest om å gå frå a til b, og ikkje gå rundt ting. Viss det er eit hinder må ein gå over, under eller mellom, forklarer Gareth Whittaker til NRK.
Treningsmetoden Parkour blei oppfunnen i Paris i Franrike for omlag tjue år sidan.
– Må setta seg sjølv på prøve
– Eg hadde lyst på ei ny utfordring. Dette er noko som er nytt over verda no, og det er meir utfordrande enn fotball og handball. Ein må setta seg sjølv meir på prøve, seier Ole Osland (13), ein av dei som lærer Parkour av Whittaker.
Saman med 15 år gamle Daniel Kjellevold Steinsland har han hatt ein aktiv sommar på «Parkour-skulen». Der lærer dei kunsten å bevega seg gjennom hindringar på ein effektiv måte.
– Det er kjekt og god trening, og det er litt av grunnen til at eg driv med det. Men hovudgrunnen til at eg driv med Parkour er jaget etter kjensla av å fly. Det er eit populært tema blant mange av dei proffe, forklarer Kjellevold Steinsland.
– Har du kjent å ha opplevd ei slik kjensle?
– Det har i alle falll ikkje vore langt i frå, seier 15-åringen.
Viss dei møter på hindringar når dei driv med Parkour må Ole Osland og Daniel Kjellevold Steinsland gå over og ikkje rundt.
Foto: Marte Rommetveit / NRKLES OGSÅ:
Hoppa mot ein murvegg
Undervisinga føregår i hovudsak inne på Leirvik skule på Stord.
– Når ein lærer, særleg når barn er med, er det veldig greitt å ha matter rundt, forklarer Parkour-læremeisteren.
Blant øvingane dei held på med er det å hoppa frå ein bukk og mot ein murvegg, og så halda seg fast i vindaugskarmen.
Gareth Whittaker er opptatt av at ungdom må komma seg ut av stova heime og bevega på seg.
– Det er for enkelt for ungdom i dag å berre sitta heime og spela Playstation. Difor er det veldig bra at dei her må jobba litt med ting, også ting dei føler at dei ikkje kan. Når dei då greier det, får dei så mykje meir igjen enn det dei får av å spela data, seier Whittaker.