Det første møtet mellom dei fire partia blir på rådhuset klokka 13.00 i dag får NRK opplyst.
Formelt sett dreiar det seg om sonderingar for å sjå om det er grunnlag for vidare forhandlingar om eit byrådssamarbeid mellom Ap, KrF, Venstre og SV.
Ein halvtime før møtet stilte Harald Schjelderup (Ap) og Dag Inge Ulstein (KrF) til ein kort pressekonferanse.
– Vi har invitert dei til eit felles sonderingsmøte. Vi har eit prosjekt og ein retning for Bergen som vi har tru på. Vi trur SV og Venstre deler dei tankane vi har, seier Schjelderup til NRK.
Håpar på reelle forhandlingar om kort tid
Han legg til at han håpar sonderingssamtalane kan legga grunnlag for å starta reelle forhandlingar om kort tid.
I utgangspunktet treng Ap og KrF berre eitt parti til før dei kan danne fleirtalsbyråd. Difor er det ganske opent kva parti som endar opp i byråd.
– Håpet er reelle forhandlingar i løpet av få dagar. Og eg håpar vi blir fire parti, kommenterer Schjelderup.
Dagens samtaler tyder på at Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet no ser ut til å vera ute av dansen om å eventuelt koma i byråd.
– Vi konstaterer at dei har vald å gå vidare med SV og Venstre i staden for. Vi er klare for å drive med grøn politikk uansett, seier Sondre Båtstrand i MDG.
Flørtar med Bryggen-tilhengarar
Med sonderingssamtalar med KrF, Venstre og SV går Ap i møte med alle dei partia som sterkast har kravd ei bybane over Bryggen i Bergen. Sjølv vil Ap ha bybanen i tunnel mot Åsane.
– De går til sengs med heile bybanealliansen, betyr det at Ap har gitt seg?
– Vi har eit klart syn. Bybanen har vi ikkje diskutert enno, det vil vi gjera i forhandlingar. Vi håpar å kome fram til ei god løysing, svarar Schjelderup.
Forhandlarar
Her er dei som skal forhandla om byrådssamarbeid i Bergen:
SV
- Mikkel Gruner
- Tina Åsgård
- Gina Barstad
KrF
- Dag Inge Ulstein
- Marita Moltu
- Terje Gilje
Arbeidarpartiet
- Harald Schjelderup
- Marte Mjøs Persen
- Eigil Knutsen
Venstre
- Erlend Horn
- Julie Andersland
- Stian Skår Ludvigsen
- LES OGSÅ: