Hopp til innhold

Augustine har søkt på 60 stillingar - fått avslag på alle

Norske kommunar tilsette færre med innvandrarbakgrunn i fjor. For ghanesiske Augustine Mensah Effah har jobbsøking i Noreg vore eit mareritt.

Augustine Mensah Effah

HEIMEVERANDE: Augustine Mensah Effah frå Ghana har ei dotter på 1 1/2 år, som han bruker ekstra mykje tid på når han går heime. Men etter mange år med utdanning er ønske om å komma seg ut i arbeidslivet stort.

Foto: SIRI LØKEN / NRK

Mailboksen til Augustine er full av nedturar.

– Eg har søkt på jobbar som saksbehandlar og innvandringskonsulent, men sjølv reinhaldsjobbar har eg fått avslag på, seier han.

Heime på Hjellestad i Bergen går dagane med på søke jobbar, lese avisar og gå tur.

35-åringen har mange års utdanning innan filosofi og internasjonale relasjonar. Blant anna studerte han seks år ved Universitetet i Ås der han trefte si norske kone.

– For dårleg

Etter utdanninga har han fått avslag på alt han har søkt på.

– Det er skuffande dårleg, seier Gunnar Solheimsnes i organisasjonen Caritas i Bergen.

På Robin Hood-huset i Bergen hjelper han innvandrarar med å komma seg i arbeid. Han meiner offentlege etatar er alt for dårlege på å tilsetta folk med innvandrarbakgrunn.

– No har eg jobba på dette kontoret i to år med utanlandsk arbeidskraft og prøvd å hjelpa dei inn. Eg hugsar i farta ikkje nokon tilfelle der kommunane har tilsett ein av mine brukarar, slår Solheimsnes fast.

Gunnar Solheimsnes

FRUSTRERT: Gunnar Solheimsnes i Caritas prøver å få menneske med innvandrarbakgrunn ut i arbeidslivet. Men det er alt anna enn enkelt, fortel han.

Foto: SIRI LØKEN / NRK

Færre blir tilsett

Tal frå KS viser at delen tilsette med innvandrarbakgrunn i kommunane var på om lag 11 prosent i fjor. Det er ein nedgang frå året før.

– Det er ei aukande arbeidsløyse i Norge også, så det kan vera ei av årsakene til nedgangen, seier avdelingsdirektør i KS Anne-Catrine Hjertaas.

Ho meiner mange kommunar ønsker å tilsette fleire med innvandrarbakgrunn, men at det til mange stillingar er krav til gode norskkunnskapar, noko kommunane må ta omsyn til.

– Det rådmennene seier når me spør, er at det aller viktigaste er norskkunnskapar. Kommunane har ansvar for barnehagar, pleie- og omsorg, skule og utdanning. I alle desse tenestene er det viktig å forstå og kunna bruka norsk som arbeidsspråk.

Men ho trur moglegheita kan bli større.

– Me kjem til å mangla mykje arbeidskraft i åra framover. Då treng me å rekruttera fleire folk, og det vil bli eit stort arbeidspotensial for fleire.

Vurderer å byta namn

I stova heime i Bergen nektar Augustine å gi opp. Han held fram med å senda jobbsøknadar. No søker han også på jobbar som reinhaldar.

– Eg trur eg kjem til å få ein sjanse til å prøva meg ein dag.

Men han er redd for hans afrikanske namn er noko av årsaka til at han ikkje får jobb.

– Kona tullar med meg og seier at eg må kanskje bytta etternamn.