Hopp til innhold

Sjøbodeigar innrømmer for dårleg vedlikehald

Om ikkje eigaren av dei freda sjøbodane i Bergen startar med vedlikehaldsarbeidet, tar Hordaland fylkeskommune over jobben, for eigaren si rekning.

bilete 3

DYR REKNING: Om ikkje eigarane startar med vedlikehald av bodane, trugar Hordaland fylkeskommune med å gjera jobben sjølv, for eigaren si rekning. Nils Olav Elvsaas, eigar Sandviksboder 69–72 AS (t.v.) og Fungerande fylkesdirektør for kultur, Ronny Skaar (t.h.).

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Bilde 1

RESTAR AV BYGGET: Bygningsrestane som raste ut er henta opp frå sjøen og ligg no på kaia ved bua.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Når vi no ser kva som skjedde på laurdag, så har vi gjort ein for dårleg jobb, seier Nils Olav Elvsaas, eigar Sandviksboder 69–72 AS.

Den freda sjøboden har stått i Sandviken i over 300 år, men på laurdag raste den saman. I dag ser den ærverdige bygningen ut som at nokon har sprengt ei bombe frå taket. Eigaren av dei freda sjøbodane i Bergen tar sjølvkritikk og innrømmer for dårleg vedlikehald etter at ein av sjøbodane kollapsa.

Frist på to veker

Fungerande fylkesdirektør for kultur, Ronny Skaar, har kalla eigarane inn på teppet og dei har fått frist på to veker på å sikra bygningen. I tillegg må dei reparera den gamle bygningen. Om ikkje dei klarer det, trugar Hordaland fylkeskommune å gjera jobben sjølv, men for eigaren si rekning.

– Dette er eit verdifullt kulturminne og det er Bergen si sjel som har rasa i sjøen. Det er klart at dette er alvorleg, seier Skaar.

Mange er opptatt av kulturminne, og det forstår eg, men denne boden skulle likevel ned

Nils Olav Elvsaas, eigar Sandviksboder 69-72 AS

– Ikkje så alvorleg

Sjølv om eigaren tar sjølvkritikk, så ser dei ikkje så alvorleg på det som det fredingsstyresmaktene skal ha det til.

– Det som gjekk i sjøen skulle uansett ha blitt plukka ned. Det var så fult i ròteskadar at vi uansett ikkje kunne tatt det med i den endelege løysinga. Så i forhold til kulturminnesaka så har ikkje dette ei betydning, meiner Elvsaas.

SJÅ OGSÅ: Må sikre bygget på få veker

På eigaren si rekning

Elvsaas hevdar at eigarane har brukt store summar på vedlikehald av sjøbodane.

– Det går pengar sjølv om det er førebelse ting ein gjer. Det spring fort ein del 100.000 kr på dette, seier Elvsaas.

sandiken

RASA UT I SJØEN: Store delar av ei sjøbod i Sandviken rasa ut i sjøen laurdag føremiddag.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret

Men i årsrekneskap til Sandviksboder 69 til 72 er det ikkje brukt meir enn 26 000 kr på drifta dei siste åra. Dette kan endra seg no, for i dag kravde Fylkeskommunen at eigarane startar varig rehabilitering av den freda bygninga innan 1. november.

– Om dei ikkje gjer det, så har vi kulturminnelova i bakhald. Den gjev oss høve til å gjere det sjølv på eigaren si rekning, seier Berge.

Søkte ikkje om pengar

Hordaland fylkeskommune ein pengepott for freda kulturminne som private kan søkje om. Men eigaren av den rasa boden nytta seg aldri av dette.

– Kvifor har dykk ikkje søkt fylket om vedlikehald?

– Ein tid tilbake spurte byantikvaren om vi hadde tankar om å søkje, då var mitt spørsmål om kva ein kunne forvente. Eg fekk til svar at det eigentleg ikkje var så mange kroner. Då bestemte vi oss for å ikkje bruke tid på å søkje. Dette er eit prosjekt som vil koste 90 millionar kroner å setje i stand til bustader, og då har ikkje denne typen pengar noko verknad, seier Elvsaas.

– Visste dykk kva dykk gjekk til då dykk kjøpte desse?

– Ja, vi gjorde for så vidt det. Men vi visste at akkurat denne boden måtte takast vekk og byggjast på ny, seier Elvsaas.