Hopp til innhold

Braut seg inn då huseigarar var i gravferd

To hus i Åsane i Bergen hadde torsdag innbrot, og tjuvane tok seg inn då bebuarane var i gravferd.

– Me har fått melding om innbrot med grove tjuveri frå Åsane-området, seier Terje Magnussen som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK.

– Begge har som fellesnemnar at dei har vore i gravferd i løpet av dagen, og innbrotet har skjedd i det tidsrommet.

Begge husa det var innbrot i flagga på halv stong.

– Dei har ikkje vore i same gravferd, så om det er annonsen i avisa eller om det flagginga som har gjort at tjuvane braut seg inn i husa er vanskeleg å seie, seier Magnussen.

– 14.01 fekk me den første meldinga, og den andre meldinga fekk me 16.11, seier han.

Det er oppretta sak, og politiet skal etterforske innbrota.

Har du bilete eller tips? Tips oss på sms til 03030, eller på e-post til 03030@nrk.no

Laster Twitter-innhold