Hopp til innhold

Ingen regnrekord for Bergen

Det vert ingen regnrekord i Bergen. Byen stoppa på 85 dagar i strekk med regnvêr.

Mellom klokka 07.00 søndag morgen og tilsvarende klokkeslett måndag var det nemleg stort sett pent vêr og ingen nedbør (ja då, det var nokre snøfnugga i lufta) i vestlandshovudstaden.

Regnver.
Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

 - Ja, dette døgnet må vi nok registrere som heilt tørt, seier statsmeterolog Dag Kvamme til NRK.

Dermed mangla Bergen, representert ved klimastasjonen Bergen-Floria, berre tre dagar på å ta noregsrekorden i regnvêrsdagar frå Bærum.

Ifølgje nettstaden Værviggo har Bergen likevel passert sin gamle regnvêrsdagsrekord på 83 dagar frå byrjinga av 1990.

Regnvêr og nedbør

Det har herska full forvirring rundt omgrepa regnvêrsdøgn og nedbørsdøgn på den eine sida, og regnvêrsrekord og nedbørsrekord på den andre

Ifølgje vêrstatistikar Bernt Lie, som har ansvaret for nettstaden Værviggo, er det viktig å skilje omgrepa frå kvarandre.

Skilnaden mellom ein regnvêrsdag og nedbørsdag vert forklart slik:

  • Ein regnvêrsdag er ein dag (frå morgon til morgon) då det fell regn eller yr.
  • En nedbørsdag, derimot, kan bety både snø, sludd, regn, yr, dogg og rim

Difor er det også snakk om to rekordar: éin for regnvêrsdag, éin for nedbørsdagar.

Bærum held dermed fast på rekorden for sammenhengande målingar av regnvêrsdagar - satt ved Meteorologisk institutts nedbørstasjon på Horni i Bærum i perioden frå 24. september til og med 19. desember 2000.

Eikanger-Myr måtte gje tapt

Den absolutte norgesrekorden for nedbørsddøgn er 103 - og denne høyrer heime i Bergen. 

Rekorden vart satt på Stend i Bergen, ved Meteorologisk institutts nedbørstasjon Fana-Stend, i perioden 1. september - 12. desember 1986, begge dagar inkluderte.

Den lokale nedbørstasjonen Eikanger-Myr i Lindås kommune i Nordhordland var med i kampen om nedbørsrekorden heilt fram til i dag, men måtte til gje tapt.

Heller ikkje her vart det registrert nedbør mellom sundag morgon og mandag morgon.

Regnmåler, Florida, Bergen
Foto: Anders Nøkling / NRK