Hopp til innhold

Pilotar vert alkotesta berre ved mistanke

Medan bilførarar må rekna med å verta testa for rus heile tida, vert pilotar på fly berre kontrollert ved mistanke. – Vi vel å bruka ressursane på andre ting, seier politiet.

Boeing 787 Dreamliner

VERT IKKJE TESTA: I dag vert pilotar og anna flypersonell berre alkotesta ved mistanke. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Karen Warren / Ap

– Det er ganske alvorleg om ein flygar er rusa og skal frakte mange hundre menneske høgt oppe i lufta. Det kan få uante konsekvensar, seier politioverbetjent Trond Østen Berge på Bergen lufthamn Flesland.

I dag vert pilotar og anna flypersonell berre alkotesta ved mistanke. I fjor vart luftfartslova endra og politiet fekk lov til å gjera uanmeldte kontrollar av pilotar.

Men tilfeldige kontrollar vert ikkje prioritert av politiet.

– Har ikkje ressursar

Trond Østen Berge

VERT IKKJE PRIORITERT: Politioverbetjent Trond Østen Berge på Bergen lufthamn Flesland.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Sjølve seier politiet at dei ikkje har ressursar til å gjennomføre rutinemessige kontrollar av pilotar og anna luftpersonell.

– Vår ressurssituasjon og våre oppgåver på ein flyplass er så mange at vi ikkje kan prioritere det og vi har heller ikkje sett av mannskap til å gjera slike kontrollar.

–Det er alvorleg for flysikkerheita, sjølvsagt, vedgår Østen Berge.

Politiet på Gardermoen fortel også at dei ikkje gjennomfører tilfeldige ruskontrollar. Dei ynskjer ikkje å svare på vidare spørsmål rundt dette

– Kan føla seg trygge

Luftfartstilsynet seier dei ikkje har pålagd politiet å prioritere promillekontrollar.

– Vi ser ikkje at det er noko problem i dag. Derfor er det ikkje gjort, seier senior kommunikasjonsrådgjevar Marit Kvarum i Luftfartstilsynet.

Ho seier passasjerar i dag i høgste grad kan føla seg trygge.

– Det er slik at om det er mistanke om alkohol så vert politiet varsla. Det at politiet har fått moglegheita til å gjera uanmeldte kontrollar, er jo eit verkemiddel dersom dette skulle bli eit problem.

– Og blir det eit problem, vil vi ta kontakt med politiet for å få dei til å endre rutinane sine, forsikrar Kvarum.

Fly over Sola

LOVENDRING I FJOR: Ei endring i lova i fjor, gjer at politiet kan utføra uanmeldte promillekontrollar på eige initiativ. Men dette vert ikkje prioritert av politiet i dag.

Foto: Bjørn Pedersen

– Politiet si oppgåve

Geir Pollestad

– POLITIET SI OPPGÅVE: Meiner statssekretær Geir Pollestad (Sp) i Samferdsledepartementet.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Statssekretær Geir Pollestad (Sp) i Samferdsledepartementet, krev heller ikkje at politiet skal ta tilfeldige kontrollar i lufttransporten.

– Det er vurderinga som politiet sjølv må gjera. Vi har gitt dei regelverket, så er det politiet si oppgåve å handheva det, seier Pollestad og siktar til lovendringa i fjor.

– Men i sum er norsk luftfart trygt. Dei som jobbar om bord i luftfartøy er edru, og politiet har verkty for å kontrollera at det faktisk er tilfelle.

Men at ikkje pilotar vert promillekontrollert utan at det er mistanke, reagerer flypassasjerane på.

– Dei burde jo gjera det, eg ser ikkje noko grunn til at det skal vera annleis for pilotar enn i biltrafikken, seier ei kvinne til NRK, medan ei anna meiner det er alvorleg.

– Eg tykkjer ikkje det er greitt, ein har jo ansvaret for mange verdiar og mange menneske. Det er ganske alvorleg.

Vil tydeleggjera

Christian Budsberg Pettersen

– MÅ BESTEMME SJØLV: Seier avdelingsdirektør Christian Budsberg Pettersen i Politidirektoratet.

Foto: Politidirektoratet

Politidirektoratet seier det lokale politiet sjølv må bestemme om dei vil gjera tilfeldige kontrollar eller ei.

– Politimeistrane i dei ulike politidistrikta må vurdera og prioritera utifrå kapasitet og utifrå kor stort dei reknar problemet til å vera. Det er ikkje gitt detaljerte sentrale føringane for dette, seier avdelingsdirektør Christian Budsberg Pettersen i Politidirektoratet.

Han seier dei kjem til å gjera det tydeleg for politidistrikta at dei har moglegheita til gjennomføra uanmeldte kontrollar.

– Det har vist seg at det er litt ulik oppfatning av korleis ein skal forstå regelverket. Det vi kjem til å gjere er å gjera det klart for politiet at dei, som følge av lovendringa i fjor, kan gjennomføra promillekontrollar. Anten på førespurnad frå luftfartsmyndigheiter eller på eige initiativ, avsluttar Budsberg Pettersen.