Hopp til innhold

Mann i 50-åra omkom i Halsnøytunnelen

Sjåføren av bilen omkom etter å ha kjørt i fjellveggen i tunnelen.

Ulykke i Halsnøytunnelen

DØDSULUKKE: Lokal lege og personell frå luftambulansen tok seg av sjåføren som var involvert i ulukka. Men livet stod ikkje til å redde.

Foto: Tomas Bruvik/Kvinnheringen

– Ulukka skjedde midt inne i Halsnøytunnelen, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

Det skal ha vore ei singleulukke med ein person involvert. Alle naudetatar var på ulukkesstaden etter rundt ti minuttar.

Blei frakta ut av tunnelen

Det var varsla om at ein person var fastklemt. Bilen ringde sjølv naudnummeret etter kollisjonen.

Ulukke i Halsnøytunnelen

ÅPNET FOR DIRIGERING: Trafikken i Halsnøytunnelen på fylkesveg 544 blir no dirigert forbi ulukkesstaden.

Foto: Tomas Bruvik/Kvinnheringen

– Difor snakka vi med sjåføren. Vedkommande var forvirra og omtåka, ifølge operasjonsleiaren.

Då naudetatane kom til staden blei den mannlege sjåføren tatt ute av bilvraket. Han blei frakta ut av tunnelen i ambulanse. På utsida stod luftambulansen klar. Der fekk den skadde behandling av lege og av personell frå luftambulansen.

Trafikken blir dirigert

– Sjåføren blei sett til av lege saman personale frå luftambulansen, men omkom diverre, fortel operasjonsleiaren.

Torsdag kveld hadde politiet fått identifisert den døde.

– Den omkomne er ein mann i 50-åra frå Kvinnherad. Dei pårørande er varsla, seier Kronen.

Halsnøytunnelen var på grunn av politiet sine undersøkingar, stengt etter ulukka. Ulukkeskommisjonen til Statens vegvesen jobbar på staden.

Trafikken blir dirigert forbi ulukkesstaden.

Halsnøytunnelen