Hopp til innhold

I ekspressfart mellom Trolltunga og Preikestolen

I dag vart Trolltunga-og Preikestolen-ekspressen offisielt opna. Den skal frakta turglade turistar mellom Noreg sine to fremste reiselivsikon.

Trolltunga

POPULÆRE TURISTMÅL: Frå 1. juli til 31. august kan du ta ekspressbussen dagleg mellom Trolltunga og Preikestolen.

Foto: Asgeir Helgestad/Artic Light AS og Olaf Erlend Gundersen/ NRK

– For turistar har det vore veldig vanskeleg å koma seg mellom Preikestolen og Trolltunga, og veldig mange turistar ønskjer å gå begge turane. Denne ruta har vore etterspurd og noko vi har jobba lenge for, seier turistsjef i Odda kommune, Jan Helge Oppedal.

Ekspressbuss, opningssang

MUSIKALSKOPNING: Miniklubben Naturbarnehage frå Jørpeland song opningssongen.

Foto: Jan Helge Oppedal

No kan du enkelt kombinera fjelltur til Preikestolen og Trolltunga med buss frå Stavanger til Preikestolen og vidare til Hardanger og tilbake.

For i dag gjekk startskotet for ekspressbussen som skal gå mellom to av Noreg sine mest spektakulære fjellformasjonar.

– Stor entusiasme

Kultursjefen i Odda var ein av fleire som fekk vera med på den fyrste turen med ekspressen til Preikestolen i dag. Der vart dei møtt med raud løpar og offisiell opning.

– Det var mange som tok vel i mot oss då vi kom til parkeringa ved Preikestolen. Det er stor stas og mykje entusiasme rundt denne ekspressbussen. På første tur i dag hadde vi faktisk med tre turistar frå Bangkok. Dei hadde funne informasjon om ekspressen og kjøpt billettar dagen før, seier Oppedal.

Snorklipping ekspressbuss

OFFISIELL OPNING: Ordførar i Strand kommune, Helge Steinsvåg og kommersiell direktør i Tide Reiser, Hege Sandtorv opna ekspressbussen ved Preikestolen i dag.

Foto: Jan Helge Oppedal

Populære turistmål

Turistane strøymer til for å oppleva naturopplevingar, og her står Trolltunga og Preikestolen sterkt. Den nye daglege bussruta har vore ei lenge etterspurd rute.

– Ruta er eit tilbod til turistar som har lyst å besøka desse to naturfenomena. I tillegg kan dei stoppe undervegs og få med seg andre spennande turistmål, som Suldal og Røldal.

– Vi ser at det er blitt veldig populært blant turistane å fyrst gå til Preikestolen og deretter til Trolltunga neste dag. Så denne ruta kjem til å bli eit godt tilbod for desse, legg Oppedal til.

Heilt nytt tilbod

Det er eit aukande tal på turistar som ønskjer å gå til begge plassane, og i dag finst det ikkje ein enkel måte å koma seg frå den eine plassen til den andre.

– Det finst ingen direkte måtar å koma seg til og frå Trolltunga og Preikestolen. Det er som ei mjølkerute om ein skal bruke kollektivtransport, seier Oppedal.

Ekspressen er eit samarbeid mellom reiselivet i Rogaland og Hordaland, og det er Tide som skal drive ekspressen. Ekspressbussen skal ha daglege avgangar frå 1. juli til 31. august 2015.

Innholdet som lå her kan ikke vises.
Innholdet som lå her kan ikke vises.