Hopp til innhold

Aleksander (8) fekk fisketips frå kongen

I dag kan du fiske opp til éin kilo tunge fjellaure midt i Bergen sentrum. Då Kong Harald ikkje fekk napp, gav han gode tips til Aleksander (8).

Kong Harald markerte at sportsfiskets år er i gang, og deltok i ørretfiske i Smålungeren i Bergen. Foto/redigering: Ingfrid Berge Fossåskaret

SJÅ VIDEO: Kong Harald hadde eit lurt lite råd til Aleksander, som fekk den første auren under fisket i Smålungeren i dag.

Laurdag er det opning av Sportsfiskets år i Bergen. 600 fjellaure på opp til éin kilo er sett ut i vesle Lungegårdsvann på Festplassen.

– Me har 100 fiskeinstruktørar og 200 fiskestenger til alle som ynskjer å prøve seg, seier sjef for Sportsfiskets år, Steinar Paulsen.

Bornas dag

kø

LANGE KØAR: Det er mange som ynskjer å prøve fiskelukka i vesle Lungegårdsvannet i Bergen i dag.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret

Det er Norges Jeger- og Fiskerforbund som står bak arrangementet på opninga av Sportsfiskets år.

– Me hadde veldig lyst å invitere Kong Harald. Heldigvis sa han ja til å vere med på den offisielle opninga klokka 12.00, fortel Paulsen.

Ifølgje han er formålet med arrangementet å oppfordre fleire til å drive med sportsfiske og friluftsaktivitetar.

– Dette er særskilt ein dag for borna. Festplassen blir fylt med fiskeaktivitetar for heile familien, og me håpar at mange born ynskjer å prøve lukka i dag.

Fekk tips frå kongen

Sett vekk ifrå sjølvaste kongen, er fiskinga i Lungegårdsvannet ein aktivitet for borna.

Og den som kunne skryte på seg å få den første fisken var åtte år gamle Aleksander Holm Dahlberg. Etter å ha fanga den første auren, poserte han for mang ein presse fotograf.

Under fotoseansen fekk han eit tips frå sjølvaste Kong Harald:

– Hald fisken nære kameraet, så ser han større ut!

Lovar fisk

alexa

FEKK FYRSTE FISK: Aleksander Holm Dahlberg var den aller fyrste på som fekk fisk i vesle Lungegårdsvannet.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret

Og sjefen for Sportsfiskets år kan garantere fisk for dei som ynskjer å prøve lukka i Lungegårdsvatnet.

– Me har sett at auren trivst i vatnet her. Det er overraskande god kvalitet i vatnet, eg er heilt sikker på at eg kan garantere fisk i dag, seier sjefen nøgd.

I 2014 arrangerer Norges Jeger- og Fiskerforbund over tusen fiskearrangement i Noreg.