Hopp til innhold

Over 213.000 har gått opp her i år

– At talet faktisk er så høgt overraska oss, seier byfjellsforvaltar Jan Robert Brandsdal. No set kommunen opp to nye målarar på byfjella.

Stoltzen

– RASKT OG GRUSOMT: Cecilie Rå, Kristin Rå, Kathinka Martinsen og Tiril Torsheim er på veg opp Stoltzekleiven i Bergen. Mellom 40.000 og 50.000 personar passerer målestasjonen til Bergen kommune langs stien kvar månad.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Når eg går mot toppen føler eg at hjartet mitt skal hoppe ut og stoppe. Det er ganske heftig, og eg går ikkje fort ein gong!

Cecilie Rå er saman med venninnene Kristin Rå, Kathinka Martinsen og Tiril Torsheim på veg opp dei vidgjetne trappetrinna til Stoltzekleiven i Bergen.

Stoltzen

– ALT FOR SOMMARKROPPEN: – Det er veldig tungt, ganske tøft. Men eg gjer det for sommarkroppen, ler Stian Jakobsen (til venstre). Til høgre Aleksander Tysnes.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

6. februar i år sette Bergen kommune opp varmemålarar langs løypa for å sjå kor mange som faktisk tek turen opp dei vel 800 trappetrinna kvar dag.

Den populære turen populært kalla ein «mjølkesyrefestival» har lenge vore ein favoritt blant bergensarane, men kor populær Stoltzekleiven er har ein ikkje fått svar på før i år. Frå februar til juli har 213.506 personar passert målaren, mellom 40.000 og 50.000 personar kvar månad.

– Det er fort og grusomt. Løypa gjev kort og effektiv trening, og Stoltzen er lett tilgjengeleg. Så får ein veldig godt utsikt på toppen etter alt slitet, seier Kristin Rå.

– Så er det litt kult å seie at ein har vore på Stoltzen i dag. Det er i alle fall noko ein kan instagramme på toppen, ler dei.

Stoltzen

BESØKANDE PER MÅNAD: Så langt i år er april den månaden der flest besøkte Stoltzekleiven. Gjennomsnittstalet på besøkande ligg på mellom 40.00 og 50.000 kvar månad.

Foto: Bergen kommune

10.000 passerer kvar veke

bergen kommune.no kan ein følgje med på kor mange som går Stoltzen dagleg, kva dagar turstien er mest nytta og kva tidspunkt på dagen folk flest går.

Byfjellsforvaltar Jan Robert Brandsdal fortel at målingane syner at ettermiddagar mellom klokka 17 og 18 er tidspunktet mange går turen på kvardagar. I helga er Stoltzekleiven mest besøkt mellom klokka 13 og 15. Måndagar og tysdagar dei mest populære dagane i snitt.

– Ingen har visst sikkert kor mange som faktisk brukar Stoltzen før no. Eg mistenkte at det var snakk om kring 10.000 i veka, men no veit me jo at det faktisk er oppe i eit så høgt tal. Det er til og med fleire enn me trudde, seier Brandsdal.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Turforslag Stoltzekleiven» i nytt vindu

Set opp to nye målestasjonar på byfjella

Bergen kommune har nytta mykje pengar på å rehabilitere Stoltzen, men etter målingane veit ein no sikkert at desse pengane er godt brukt, meiner byfjellsforvaltaren. At Stoltzekleiven kan måle seg mot andre idrettsanlegg i Bergen er han ikkje i tvil om.

LES OGSÅ: Trener seg ut av sykefravær

– Det er heilt openbart. Dersom ein ser på enkeltdagar kan det vere opp mot 2000 i trappene på ein dag. Det er ikkje så mange treningssenter eller idrettsanlegg som har besøk av så mange.

Etter sommaren set Bergen kommune opp nye teljarar for å måle aktiviteten på dei andre byfjella. Kvar teljarane skal stå er endå ikkje bestemt, men Brandsdal har tru på at det er fleire byfjellsturar som kan matche besøkstala til Stoltzen.

Stoltzen

BRATT, MEN FINT: Sabina Sætre, Monica Beatrice Sleire og Linnea Sleire (til venstre) er på veg opp dei vel 800 trappetrinna til Stoltzen. Kvar månad er det mellom 40.000 og 50.000 personar som passerer teljaren til Bergen kommune på veg opp.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Tungt, men det er verdt det

Sabina Sætre, Linnea Sleire og Monica Beatrice Sleire er på veg opp den bratte turstien. For Linnea er det fyrste tur opp trinna på Stoltzen.

– Eg berre gjekk opp her. Det kjem til å ta mange timar å gå heilt opp, meiner ho.

Det var ikkje spesielt hardt, meiner fyrstegongsgåaren, som er sikker på at ho skal klare heile turen.

Sabina som har gått Stoltzen før er ikkje overraska over at talet på kor mange som passerer har synt seg å vere så høgt.

– Det er ein populær tursti og ein veldig fin tur. Når mjølkesyra kjem er det tungt. Veldig tungt faktisk. Men når ein kjem opp på toppen og veit at ein har klart det så er det verdt det.

LES OGSÅ: Tror på en halv million i Stoltzen

Stoltzen

SISTE 30 DAGAR: Statistikk for tal på besøkande i Stoltzekleiven dei siste 30 dagane.

Foto: Bergen kommune