Hopp til innhold

Hyllar det nye naudnettet

Naudetatane kan gjere ein betre jobb for innbyggjarane med det nye naudnettet, meiner politiet. Dei hyllar det nye digitale radiosambandet og meiner det vil gjere fylket til ein tryggare stad å bu.

Nødnettet

DIGITALT: Politiet i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt er svært nøgde med det nye digitale naudnettet, ei veke etter at det vart tatt i bruk.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Me kan vel seie det slik at me kosar oss, seier Terje Tonning.

Han har hatt ansvaret for overgangen frå analogt til digitalt radiosamband i politiet i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Gode tilbakemeldingar

Terje Tonning

NØGD: Terje Tonning som har hatt ansvaret for overgangen frå analogt til digitalt radiosamband i Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt er nøgd med det nye naudnettet.

Foto: Thomas Halleland

Berre seks dagar etter at dei begynte å bruke det nye naudnettet, konkluderer Tonning allereie med at det gjer arbeidskvardagen langt betre for politiet sør i fylket.

– Det har svart til forventningane, og me har fått gode tilbakemeldingar frå brukarane. Det er ingen som ynskjer å gå attende til det me hadde, seier Terje Tonning.

Kva er dei største fordelane med det nye naudnettet?

Dette verkar heile tida, og det verkar så godt som over alt. Det har ein talekvalitet som er så godt at du nesten kikkar rundt deg for å sjå om han som snakkar til deg står rett bak deg, seier Tonning.

– Sikrare utrykking

Nødnett radioer

NYTT: Nye radioar klare for å takast i bruk.

Foto: Lars Tore Endresen

Med eit tastetrykk skal politiet også ta med brannvesenet og Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i samtalen.

Brannsjef på Stord, Børge Presthaug meiner dette vil gjera Sunnhordland til ein tryggare stad å bu, når dei er klare for det nye naudnettet rett over nyttår.

– No når me har hatt dekningsprøve på det nye så har me dekning over heile Stord, til og med oppe i fjella der me aldri har hatt dekning før, seier han.

Kva trur du dette vil bety for innbyggjarane?

– Det vil vera ein sikrare utrykking, og betre kommunikasjon mellom naudetatane, så det vil nok gi ein betre kvardag for innbyggjarane også, seier Børge Presthaug.

For politiet i resten av Hordaland er planen at det nye naudnettet ikkje skal takast i bruk før neste sommar. Deretter skal brann- og helsevesen ta naudnettet i bruk.

Laster Twitter-innhold