Hopp til innhold

Brann-supporter får toleransepris

Bergen kommune gir Gjert Moldestad prisen for likestilling, inkludering og mangfald. – Unge menneske må få sleppe å velje mellom å spele fotball og å få vera glad i den dei vil, seier han.

Gjert Moldestad

FÅR PRIS: Gjert Moldestad får pris for likestilling, inkludering og mangfald. Prisen får han av Bergen kommune for arbeidet han har gjort for å auke toleransen for homofile i fotball.

Foto: Francisco Munoz

Gjert Moldestad

KAMPSAK: Gjert Moldestad har jobba for å auke toleransen for homofile i fotball.

Foto: Reidar Engesbak, Blikk

– Ein skulle tru det ikkje var nødvendig å kjempe ein slik kamp i noko miljø i det heile tatt, men det er det. Det er behov, seier Gjert Moldestad.

– Når samfunnet elles har komme ganske langt når det gjeld inkludering, mangfald, og forståing for at menneske skal få lov å vera glad i kvarandre uansett kva, så er det ikkje alle arenaer som er like oppdatert på dette, seier han.

Gjert Moldestad er ein ihuga Brann-fan. Han er med i Bataljonen i Bergen, og er redaktør for Brann-fanzina Den 12. mann.

Han har sjølv stått fram som homofil, og har utfordra Norges Fotballforbund til å ta stilling til å jobbe aktivt for inkludering og mot diskriminering.

Brann-fan med kampsak

Likestillingsprisen deler Gjert Moldestad med Trond Dokken som er trenar i Nymark IL. Dokken trenar eit jentelag i årsklassen jenter 16 år, eit lag som har spelarar frå 9 ulike land.

Prisen som vert delt ut ein gong i året er på 50 000 kroner, og vert delt mellom dei to prisvinnarane.

– Det er ein samansett årsak til at fotball er ein vanskeleg arena for homofile, men det har blitt sagt at fotball har på ein måte vore ein bastion for kvite, heterofile menn, seier Moldestad.

– Fotball er ein machokultur, og det er veldig fokus på dette med kjønn. Det har nok vore vanskeleg for dei som er homofile å kunne vera seg sjølv i dette miljøet, både som spelar og på tribunen, legg han til.

– Brann skal ha ros

Som open homofil har Gjert Moldestad fått tilbakemeldingar frå andre som synst det er vanskeleg å stå fram.

– Eg har snakka med folk som ikkje torer stå fram, men ikkje i Brann-miljøet. Eg synst Brann-miljøet har vore opne, storsinna og inkluderande, seier han.

– Både supporterane, miljøet rundt, og klubben har vore fremst i klassen på dette. Sjølv om Brann har rykka ned i år, så skal dei ha veldig mykje ros for det dei har gjort når det gjeld mangfald og inkludering, legg han til.

Kva skal til for at folk skal tore å stå fram?

Det er viktig at me legg til rette for at unge menneske som byrjar å trene og spele fotball, og at dei som er glad i idretten kan få lov til å vera seg sjølv, seier Moldestad.